Spørsmålsmyldring

Elevane øver seg på å stille spørsmål for å få mest mogleg informasjon ut av eit gitt bilete.

Tidsbruk

15 - 30 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Kvar elev vel ut eit bilete som illustrerer eigne opplevingar, kjende stader eller noko kulturelt.
  • Elevane noterer ned fem stikkord som har med biletet å gjere. Målet er å gjette kva slags spørsmål resten av klassen kjem til å stille om biletet.
  • Læraren viser alle bileta på skjermen, og klassen skal stille spørsmål til kvart av bileta.
  • Ein av elevane vel eit bilete og stiller eit spørsmål til dette biletet. Eleven som eig biletet, svarer på spørsmålet, og dersom spørsmålet kan knytast til eit av stikkorda, kan han eller ho stryke ut dette stikkordet. Han eller ho stiller deretter eit nytt spørsmål til eit anna bilete.
  • Aktiviteten held fram til alle elevane har bidrege med både spørsmål og svar, eller til ein elev har stroke ut alle stikkorda sine.

Tilpasning:

Læraren forklarer bruken av spørreord og fokuserer på ordstilling i spørsmål og svar. Læraren kan ta ei «øvingsrunde» med eit utvalgt bilete for å illustrere aktiviteten.

Publisert 29. jan. 2020 14:31 - Sist endret 14. des. 2020 10:58