Stolleiken

Adjektivbruk i stolleiken vil engasjere elevane.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren organiserer klasserommet slik at elevane sit på stolar som dannar ein sirkel. Aktiviteten er todelt, først med éin stol for mykje, så med éin stol for lite.
  • Læraren sit saman med elevane i sirkelen med den tomme stolen på den eine sida. Læraren snur seg mot eleven som sit på den andre sida, og seier ei setning på målspråket som inneheld eit adjektiv i komparativ eller superlativ, til dømes «Eg er eldre enn deg».
  • Eleven reiser seg og set seg på den ledige stolen. Han/ho seier så ei setning som inneheld eit adjektiv som er bøygd i komparativ eller superlativ form, til ein av sidemennene.
  • Prosessen gjentek seg til dei fleste (eller alle) har måtta flytte på seg.
  • Læraren fjernar så to stolar, slik at han/ho må stå. Elevane sit.
  • Læraren seier ei setning som inneheld eit adjektiv, til dømes «Eg er ein god venn» eller «Eg har blondt hår».
  • Alle elevane som føler at påstanden gjeld dei, reiser seg og byter stol.
  • Den som står igjen, sidan det er éin stol for lite, skal seie ei ny setning med eit anna adjektiv.
Publisert 29. jan. 2020 14:04 - Sist endret 26. okt. 2020 11:07