Tampen brenn!

Elevane skal finne fram til ein gøymd gjenstand. Dei får hint frå ein medelev i form av graderte adjektiv, eventuelt med adverb.

Tidsbruk

10 - 15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren vel relevante adjektiv og adverb og viser dei på lerret eller noterer dei på tavla. Læraren går igjennom og forsikrar seg om at elevane forstår orda. Elevane skal kunne sjå orda gjennom heile aktiviteten.
  • Elevane dannar par.
  • Elev A vel ein gjenstand og gøymer han i klasserommet utan at elev B ser det.
  • Elev A fortel kva den skjulte gjenstanden er, slik at elev B veit kva han/ho skal leite etter.
  • Elev B begynner å leite. Elev A hintar om i kva grad elev B nærmar seg gjenstanden eller ikkje. For å indikere elev B sin posisjon i forhold til gjenstanden bruker elev A adjektiv og eventuelt presiserande adverb. Når elev B finn gjenstanden, byter elevane rolle. Aktiviteten kan gjennomførast utanfor klasserommet, men området skal vere tydeleg avgrensa.
Publisert 29. jan. 2020 14:09 - Sist endret 26. okt. 2020 11:09