Teikneinstruks

Enkelte av elevane skal teikne det medelevane beskriv, med utgangspunkt i eit bilete. Den beste etterlikninga vinn.

Tidsbruk

10 - 15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren vel eit relevant bilete som eignar seg med tanke på bruk av beskrivande adjektiv. Han/ho kan eventuelt notere nødvendige adjektiv i positiv og komparativ form på tavla.
  • Klassen blir delt inn i fire grupper, som går til kvar sin vegg i klasserommet.
  • Kvar gruppe vel ein elev som får ansvaret for å teikne biletet som medelevane vil beskrive for han/henne. Eleven som teiknar, skal ikkje sjå biletet.
  • Kvar gruppe får det same biletet og eit stort ark (A3) som dei hengjer opp på veggen.
  • Eleven som skal teikne biletet, står med ansiktet mot veggen og får instruksar frå medelevane om kva og korleis han/ho skal teikne. Målet er å teikne eit bilete på arket som liknar mest mogleg på originalversjonen. Det er viktig at medelevane gir gode instruksar og bruker adjektiv i positiv og komparativ form.
  • Kvar gruppe får tre minutt. Når tida er ute, sjekkar ein alle teikningane, og den som liknar mest på originalen, blir kåra til vinnar.
  • Deretter kan ein eventuelt byte roller og bilete.
Publisert 29. jan. 2020 13:52 - Sist endret 26. okt. 2020 11:11