Tidslinje

Elevane blir bevisste på tidsaspektet ved verb gjennom å gå frå éin stad til ein annan etter kvart som dei høyrer verb i ulike tider.

Tidsbruk

10 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Elevane stiller seg i midten av klasserommet med ansiktet mot tavla. Læraren forklarer at det går ein imaginær strek frå tavla til den andre sida av rommet, og at dei på midten er på punktet for notid. Tavla framfor dei representerer framtid, og veggen bak dei representerer fortid (kan eventuelt tydeleggjerast med plakatar).
  • Læraren seier så ei setning med eit personbøygd verb i ei av tidene, og elevane skal gå til den delen av rommet som dei meiner er rett: fortid (veggen), notid (midten) eller framtid (tavla). Når alle elevane har plassert seg, ber læraren dei grunngi kvifor dei står akkurat der.
  • Aktiviteten varer så lenge læraren finn det formålstenleg.
Publisert 28. jan. 2020 13:42 - Sist endret 26. okt. 2020 11:15