Turistkart

Elevane gjer seg kjende med dei viktigaste turistattraksjonane i ein by samtidig som dei øver på bestemt og ubestemt form av substantiv og på verba «finst» og «ligg» på målspråket.

Tidsbruk

30 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Elevane får utdelt eit turistkart over ein by i målspråkområdet.
  • Elevane får nokre minutt til å finne ulike turistattraksjonar på kartet.
  • Ein elev begynner med å spørje om det finst ein konkret attraksjon på kartet, til dømes: «Finst det eit museum i … (namnet på byen)?». Den andre må finne eit museum på kartet og informere om namnet og kvar det ligg, til dømes: «Ja, museet … (namnet på museet) ligg i gata … (namnet på gata)».
  • Elevane held fram med å spørje kvarandre på målspråket til dei har funne mange nok av turistattraksjonane på kartet.

Du trenger

  • Turistkart med turistattraksjonar

Ressursar

Fransk: http://planparis360.fr/carte/pdf/fr/plan-touristique-paris.pdf
Kinesisk: http://www.chinatouradvisors.com/maps/Shanghai-113.html
Spansk: http://www.esmadrid.com/sites/default/files/documentos/mapabloc_febrero_2016.pdf
Tysk: http://stadtplanberlin360.de/carte/image/de/stadtrundfahrten-berlin.jpg

Publisert 29. jan. 2020 09:38 - Sist endret 14. jan. 2021 11:25