Ubestemt - bestemt

Elevane trener på forskjellen mellom bestemte og ubestemte artiklar på ein aktiviserande måte.

Tidsbruk

5-10 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren forklarer kva som er forskjellen på bestemt og ubestemt form av substantiv på målspråket, og korleis desse formene skal brukast.
  • Deretter vel læraren eit tema, til dømes klede, gjenstandar i klasserommet, kroppsdelar, uteområdet eller kantina, og ber elevane om å reise seg.
  • Dersom temaet er klesplagg, seier læraren til dømes «genser». Elevane må då skynde seg å ta på genseren til ein annan elev. Den første eleven som klarer det, må no bruke bestemt form av substantivet, «Genseren til …», og føye til eit adjektiv som beskriv genseren (til dømes «Genseren til Mari er blå/stor/fin»).
  • Eleven som var førstemann, skal no velje eit anna ord som dei andre elevane skal prøve seg på.
Publisert 29. jan. 2020 09:31 - Sist endret 26. okt. 2020 11:19