Verbbingo

Elevane jobbar med verbbøying på ein leikprega måte.

Arbeidsform

Individuelt/plenum

Du trenger

Bingobrett-mal (pdf) og kort

Forslag til gjennomføring

  • Læraren lagar fire ulike bingobrett med 3 x 3 ruter ved hjelp av malen . Det skal vere i alt 18 forskjellige verbbøyingsformer. Plasser til dømes verbet «å køyre» på målspråket i 1. person eintal i alle rutene som er oppgitt med «Verbform 1» i malen. Det same verbet kan stå i fleire ruter, men då i ulike bøyingsformer.
  • Kopier opp like mange bingobrett som det er elevar i klassen (fleire elevar i klassen vil ha det same brettet).
  • Læraren har oversikt over verba og formene som er representerte på bingobretta. Han/ho begynner med å seie eit verb på målspråket i infinitiv og koordinatane for personen som verbet skal vere bøygd i («å dra» – 2. person fleirtal). Elevane som har den rette verbbøyinga av dette verbet på bingobrettet sitt, kryssar av i ruta og seier verbforma høgt. Slik blir resten av klassen òg kjende med verbforma.
  • Slik held aktiviteten fram til nokon har fullt brett og roper «bingo!».
Publisert 29. jan. 2020 09:01 - Sist endret 15. des. 2020 15:37