Prosjektet har som mål å gi grunnskular og vidaregåande skular verktøy som gjer dei betre rusta til å ta i bruk KI på ein konstruktiv og kritisk måte, og går i gang våren 2025.
Oppdraget til Framandspråksenteret og HiØ blir å utvikla støtte- og rettleiingsmateriell som skulane kan nytta i arbeidet sitt med KI under overskriftene:
- Kritisk vurdering av KI
- Kritisk bruk av KI i fag
- Tverrfagleg arbeid med KI.
Prosjektet er i høgaste grad tverrfagleg med samarbeid mellom matematikk, kunst og handverk, KRLE, norsk og framandspråk. Representantane frå desse fagområda vil jobba tett med ekspertar på IKT og læring, yrkesfagdidaktikk og pedagogisk utvikling.
Samla representerer dette godt både fagbreidda i skulen og Høgskolens fagportefølje i lærarutdanninga.
Omfanget av oppdraget er på ca. 2700 timar. Det går frå våren 2025 til og med 2026. Arbeidet med planlegging av kompetansepakkar i samarbeid med Utdanningsdirektoratet er allereie i gang.
Teamet blir leia av Gerard Doetjes (senterleiar for Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa) og Carsten Henriksen (prosjektleiar ved HiØ Vidare).