Internasjonalt team

Fakultet for lærarutdanningar og språk (LUSP) har etablert eit internasjonalt team. Målet er å auke mobiliteten av tilsette og utveksling av studentar i dei ulike studieprogramma ved fakultetet.

Teamet består av ein representant frå kvart institutt, ein internasjonaliseringskoordinator, ein representant frå høgskulen sitt Internasjonale kontor, samt ein leiar for teamet.

Medlemane av internasjonalt team er:

Internasjonalt team ved LUSP er organisert og arbeider etter HIØ sine retningslinjer og handlingsplan for internasjonalisering. Teamet arbeider først og fremst for å utvikle og kvalitetssikre samarbeidsavtaler med internasjonale institusjoner og legge til rette for mobilitet av tilsette og studentutveksling i dei ulike studieprogramma. Målet er å auke mobiliteten av tilsette og studentutvekslingen i de ulike programma ved fakultetet.

Erasmus+ tilbyr mange ordningar ein kan søkje om stipend innafor. Her finn du og informasjon om ulike typar søknadar, søknadsfristar, hjelp til å skrive søknad, m.m.

Ei oversikt over samarbeidsinstitusjonane til HiØ finn du her.

Dersom du har spørsmål knytt til mobilitet for ansatte og studentar, kan du ta kontakt med hhv. Gunhild Brænne Bjørnstad (RES), Sonja Nygaard-Joki (PIL), Fabian Mosenson (SLIK) eller Laila Anita Fagerdal (Internasjonalt kontor HIØ). 

Publisert 10. aug. 2023 11:15 - Sist endret 5. aug. 2025 13:17