Språkpolitisk plattform for Høgskolen i Østfold

Overordna aspekt

Språkpolitikken er eit viktig element i det kulturpolitiske ansvaret til Høgskolen i Østfold. Som statleg utdannings- og forskingsinstitusjon skal høgskulen sikre norsk fagspråk og formidling på norsk.

Norsk er og skal vere hovudspråket ved Høgskolen i Østfold. Høgskulen skal fremje og utvikle bruken av norsk språk og norsk fagterminologi både i undervisning og forsking.

Retningslinjene for bruk av bokmål og nynorsk er heimla i lov om målbruk i offentleg teneste. Med norsk meiner vi i dette dokumentet begge målformene, og høgskulen sin bruk av desse skal vere i tråd med krava i lova.

Samtidig skal høgskulen praktisere parallellspråklegheit der dette er formålstenleg. Det betyr at norsk blir vareteke som hovudspråk, samtidig som det blir lagt til rette for større språkleg mangfald, med engelsk som det primære framandspråket.

Høgskolen i Østfold skal arbeide for god språkleg kvalitet, uansett språk, i alle typar kommunikasjon.

Dei tilsette ved høgskulen og studentane skal stimulerast til å oppnå høg kompetanse i hovudspråket norsk og i relevante framandspråk.

Fagmiljøa bør arbeide for at språkleg og terminologisk kompetanse blir ein del av læringsutbyttet til studentane i emne og studium.

Utdanning

  •  Norsk er hovudspråk i undervisninga ved Høgskolen i Østfold. Svensk og dansk er likeverdige med norsk som undervisningsspråk.
  • Studentar på alle nivå er forventa å kunne ta i bruk faglitteratur på norsk, andre skandinaviske språk, engelsk eller eit anna framandspråk når det er relevant. Kravet til norsk og andre skandinaviske språk gjeld ikkje framandspråklege studentar på internasjonale studium.
  • Høgskulen deltek i internasjonale utvekslingsprogram, og det er derfor eit mål å tilby ein del emne og studium på språk som tiltrekkjer seg internasjonale studentar og forelesarar.
  • Dersom norsk ikkje er hovudspråket i undervisninga, skal dette komme fram i studie- og emnebeskrivingane. Føresegn om språk ved eksamen, sjå eksamensforskrifta til høgskulen (lovdata.no)
  • Utanlandske utvekslingsstudentar skal få tilbod om innføring i norsk språk, kultur og samfunn.
  •  Tilsette som ikkje har norsk eller eit anna skandinavisk språk som morsmål, og som jobbar med undervisning eller rettleiing som går for seg på norsk eller eit anna skandinavisk språk, må tileigne seg norskkunnskapar på B2-nivå i løpet av tre år.
  • Tilsette som ikkje har norsk eller eit anna skandinavisk språk som morsmål, og som jobbar med undervisning eller rettleiing som går for seg på engelsk eller eit anna framandspråk, er forventa å opparbeide seg grunnleggjande ferdigheiter i norsk språk og kunnskap om norsk kultur.
  • HiØ skal leggje til rette for at tilsette som har behov for det, får nødvendig opplæring i norsk språk og kultur.

Forsking 

  • Den enkelte forskar står fritt til å velje publiseringsspråk. Tradisjon innanfor forskingsmiljøet og ønske om å nå fram gjennom spesielle nasjonale eller internasjonale kanalar, eller til bestemte målgrupper, er viktige moment for språkvalet.
  • Ei masteroppgåve skal vere skriven på det språket som det er krav om i emnebeskrivinga. Dersom masterkandidaten ønskjer å nytte eit anna språk, må det søkjast om særskilt løyve. Det må òg skrivast eit samandrag av oppgåva. Dette skal skrivast på norsk dersom oppgåva er forfatta på eit framandspråk, og på engelsk dersom oppgåva er skriven på norsk.
  • Høgskulen skal formidle tilgang til språkvaskteneste til bruk i faglege og administrative samanhengar.

Formidling og samfunnskontakt

  • Formidling skal som hovudregel skje på det språket som er mest formålstenleg for det publikummet formidlinga er retta mot.
  • Høgskulen skal oppfylle formidlingsansvaret sitt overfor allmenta ved at forskingsbasert kunnskap normalt blir presentert på norsk.
  • Høgskulen sine nettsider, brosjyrar og liknande skal innehalde lett tilgjengeleg informasjon om verksemda til høgskulen både på bokmål og nynorsk, og på engelsk og andre framandspråk der det er relevant.

Administrasjon og informasjon

  • Norsk er administrasjonsspråk ved Høgskolen i Østfold.

  • Dei tilsette ved høgskulen skal følgje føresegnene i mållova om bruk av dei norske målformene.
  • Viktig informasjon og sentrale dokument, som til dømes forskrifter, retningslinjer, avviksrapportering og kvalitetssystem, skal vere tilgjengelege i tråd med føresegnene i mållova, og på engelsk.
  • Tilsette i administrasjonen skal ha god nok kompetanse i engelsk til å kunne behandle førespurnader på ein tilfredsstillande og inkluderande måte. Den automatiske telefonsvartenesta skal spegle det språklege mangfaldet som blir tilbydd ved høgskulen.
  • Høgskulen skal fortløpande vurdere om andre dokument enn dei som blir vurderte som sentrale for utdanning, forsking, formidling og administrasjon, skal omsetjast til engelsk.

Ved utarbeidinga av språkpolitisk plattform for Høgskolen i Østfold har arbeidsgruppa teke utgangspunkt i malen til UHR og retningslinjene frå andre universitet og høgskular, spesielt retningslinjene som er vedtekne ved Universitetet i Agder.

Publisert 4. juni 2020 09:49 - Sist endret 5. okt. 2020 12:08