LUNOR10110 Arbeid med litteratur og munnleg opplæring (5-10) (Høst 2010)
Fakta om emnet
- Studiepoeng:
- 15
- Ansvarlig fakultet:
- Avdeling for lærerutdanning
- Studiested:
- Halden
- Undervisningsspråk:
- Norsk
- Varighet:
- ½ år
Innholdsfortegnelse
Emnet er tilknyttet følgende studieprogram
Undervisningssemester
Innhold
Norsk 101 (5-10) er konsentrert om tre fagområde:
- Lesing og leseopplæring
- Litteratur og litteraturdidaktikk
- Munnleg opplæring
Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle emna, i samsvar med måla for læringsutbyte. Det fleirspråklege og fleirkulturelle perspektivet vil bli integrert i alle dei tre fagområda.
Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i både skriftlege og munnlege sjangrar.
Studentens læringsutbytte ved bestått emne
KUNNSKAPAR
Studenten
- har brei kunnskap om relevante teoriar om lesing og leseopplæring
- har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing kan ha for elevars utvikling og læring
- har kunnskap om lesestrategiar
- har omfattande kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
- har god kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring
- kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
- kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har inngåande kjennskap til ungdomslitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- har kunnskap om barnelitteratur og nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar
FERDGHEITER
Studenten
- kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i leseopplæring frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar med bokmål som hovudmål og elevar med nynorsk som hovudmål
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og elevtekstar for å fremje læring
- kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan analysere, tolke og vurdere tekstar og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
- kan bruke varierte estetiske arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane
- kan samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskapar og kulturell bakgrunn hos mottakarane
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa, skape og vurdere digitale, samansette tekstar
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle ei kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktivt refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
Undervisnings- og læringsformer
Praksis
Studentar i GLU 5-10 følgjer praksisplanen for denne utdanninga. Erfaringar frå praksis vil bli brukt i arbeidet med norskfaget.
Årsstudentar/eksterne studentar har ikkje obligatorisk praksis. For årsstudentar/eksterne studentar vil det, så langt det er mulig, bli lagt opp til alternativ til praksis i praksisperiodane.
Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen
Mappeoppgåver
Arbeidskravet på Norsk 101 (5-10) er ei elektronisk mappe med eit utval tekster som studentane må få godkjent før dei kan framstille seg til eksamen.
Studentane får i løpet av semesteret ni oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til emna som det blir arbeidd med. Arbeida skal lagrast digitalt i ei arbeidsmappe. Tilbakemelding på desse arbeida vil dels vere frå faglærarar og dels frå andre studentar, og nokre av arbeida skal dessutan vere gjenstand for vurdering av studenten sjølv, f.eks. i form av refleksjonslogg.
Studentane må få godkjent sju av ni slike mappeoppgåver av faglærar før studentane kan framstille seg til eksamen. Begge målformer skal vere representert i mappa, kvar med om lag 50% av tekstmengda.
Eksamen
Individuell skriftleg eksamen, 8 timar
Målform: bokmål.
Hjelpemiddel: arbeidsmappe med obligatoriske arbeidskrav, Ordbok/ordliste, Kunnskapsløftet.
Det blir nytta bokstavkarakter A-F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Karakteren F betyr ikkje bestått.
Vurderinga blir gjort av ein intern og ein ekstern sensor.
Evaluering av emnet
Litteratur
Litteraturlista er sist endra 18. juni 2010
Teoripensum:
- Lesing og leseopplæring
- Lesedidaktikk av Astrid Roe (2008) (ca. 224 sider)
- Sylvi Penne: " Å bli en som leser litteratur - en utviklingshistorie om lesing fra 6 til 16" i Sylvi Penne: Norsk som identitetsfag - norsklæreren i det moderne (2001) (ca. 19 sider)
- Litteratur og litteraturdidaktikk
- Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar av Mjør, Birkeland og Risa (2006) (ca. 263 sider)
- Diktboka av Per Olav Kaldestad (2006) (Teoridelen, dei første 130 sidene)
- Munnleg opplæring
- Liv Marit Aksnes: "Muntligheten i norskfaget. Oversikt over feltet norsk muntlig" i: Frøydis Hertzberg og Astrid Roe Muntlig norsk (1999) (ca. 16 sider)
- Helene Dam: "Hvordan arbejde med mundtlig formidling i skolen?" i: Frøydis Hertzberg og Astrid Roe Muntlig norsk (1999) (ca. 12 sider)
- Torlaug Løkensgard Hoel: "Den første gang, den første gang... Bygging av munnleg klasseromskultur i norskfaget" i: Frøydis Hertzberg og Astrid Roe Muntlig norsk (1999) (ca. 17 sider)
- Sylvi Penne: "Nadia og retorikken" i: Frøydis Hertzberg og Astrid Roe Muntlig norsk (1999) (ca. 20 sider)
- Frøydis Hertzberg: "Vurdering av muntlig - det går an" i: Frøydis Hertzberg og Astrid Roe Muntlig norsk (1999) (ca. 9 sider)
- Retorikk i skolen av Jonas Bakken (2009) (ca. 120 sider)
Primærtekster:
- Minimum 3 biletbøker
- Fem verk frå nyare nordisk barne- og ungdomslitteratur
- Eitt drama
- Ei fagbok for barn eller ungdom
- Fire nordiske romanar frå nyare tid
- Lyrikkompendium
- Essay, kortprosa og novellekompendium
- Kompendium i folkedikting
Av romanane som skal lesast, skal ein roman vere på svensk, og ein roman skal vere på dansk.