LUMNOR40317 Språk og samfunn (Høst 2020)
Fakta om emnet
- Studiepoeng:
- 15
- Ansvarlig fakultet:
- Fakultet for lærerutdanninger og språk
- Studiested:
- Halden
- Emneansvarlig:
- Karine Stjernholm
- Undervisningsspråk:
- Se pkt. Undervisnings- og læringsformer
- Varighet:
- ½ år
Innholdsfortegnelse
Emnet er tilknyttet følgende studieprogram
Obligatorisk emne i Masterstudium i norsk i skolen (120 studiepoeng) (heiltid og deltid).
Masterstudentar som har greidd tre studieår i 4-årig grunnskolelærarutdanning (GLU), etter rammeplan av 2010, kan søke om å få emnet innpassa som fjerde studieår og del av vitnemålsgrunnlaget for GLU etter nærare retningslinjer.
Undervisningssemester
Deltid: 3. semester (haust).
Innhold
I dette emnet vil språk og språkleg variasjon bli sett i eit regionalt, nasjonalt og nordisk perspektiv. Studentane vil få ein solid teoretisk basiskunnskap som vil gjere dei i stand til å forstå lokal språkleg variasjon i lys av globale utviklingstrekk.
Gjennom sjølvstudium av regional variasjon, og gjennom innsikt i samanhengen mellom stad, språk og identitetsbygging gjennom heile livsløpet, skal dei kunne sette den lokale dialektsituasjonen i samanheng med situasjonen elles i landet - og i Norden.
Eit sentralt mål i emnet vil vere å bevisstgjere studentane om at lærarrolla er viktig for å utnytte ressursane i elevanes språklege variasjon som eit gode i skolen.
Studentens læringsutbytte ved bestått emne
Kunnskap
Kandidaten
- har avansert kunnskap om talespråkleg variasjon
- har inngåande kunnskap om sosiolingvistisk teori og kan sjå regional språkvariasjon i lys av denne kunnskapen
- har god kunnskap om tilnærming til dialekt og talemålsvariasjon i undervisningssamanheng i norsk skole
- har avansert kunnskap om nordiske språkforhold, spesielt om ungdomsspråk i Norden
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan samle inn språkleg materiale og gjere grundige analysar av dette materialet
- kan analysere regionale og nordiske språklege data og vurdere resultata i lys av spørsmål om identitet og stad
- kan analysere sosiolingvistisk materiale av ulike slag og drøfte dette teoretisk og i eit undervisningsperspektiv
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan reflektere over korleis språkstudium kan nyttast didaktisk for å utvikle metaspråkleg medvit
- kan formidle kunnskap om talespråkleg variasjon og har kompetanse til å rettleie i allmenne og faglege spørsmål om dette
- er bevisst på korleis ein kan bruke språkvariasjon som ein ressurs i klasserommet for å styrke elevane sin språklege tryggleik og identitet
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsspråket er norsk, svensk og dansk.
Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:
- Forelesingar
- Organisert gruppearbeid, skriftleg og munnleg
- Sjølvstudium og kollokviegrupper
- Studentpresentasjonar
- Datainnsamling/feltarbeid
- Arbeid med semesteroppgåve/rettleiing
Studentar som vel oppgåver der dei kan komme i kontakt med særleg sårbare grupper (barn/unge), må levere politiattest før dei går i gang med oppgåva. Sjå generell del av studieplanen.
Arbeidsomfang
Praksis
Det er ikkje knytt praksis til studiet.
Masterstudentar som vil ha emnet innpassa som del av siste år i 4-årig grunnskolelærarutdanning (GLU) skal ha praksis i samsvar med rammeplanen for GLU.
Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen
- Individuell fagleg presentasjon for studentar eller kollegaer/feltarbeidsskolar, med refleksjonsnotat. Målform: bokmål eller nynorsk.
- Prosjektbeskriving som gjer greie for korleis språkdata til semesteroppgåva (eksamensarbeidet) skal samlast inn og som formulerer problemstilling(ar) knytt til materialet. Språkdata kan samlast inn enten som feltarbeid i skolen, eller på annan måte. Datainnsamling kan skje i grupper, og skal skje i samråd med faglærar.
Nærmare informasjon om tema og opplegg for begge arbeidskrava blir gitt ved undervisningsstart.
Studenten vil få rettleiing og tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar undervegs i arbeidet med datainnsamling og semesteroppgåve.
Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.
Eksamen
Individuell semesteroppgåve
Semesteroppgåve er basert på data samla inn i arbeidskrav 2. Omfang: 10-15 sider.
Målform: nynorsk.
Karakterregel: A-F.
Sensorordning
Vilkår for ny/utsatt eksamen
Evaluering av emnet
Litteratur
Litteraturlista er sist oppdatert 5. juni 2020.
Bøker
Hårstad, Stian, Terje Lohndal og Brit Mæhlum (2017). Innganger til språkvitenskap. Teori, metode og faghistorie. Oslo: Cappelen Damm. (187 sider)
Mæhlum, Brit (2007). Konfrontasjoner. Når språk møtes. Oslo: Novus. (221 sider)
Sandøy, Helge (1996). Talemål. Oslo: Novus. (247 sider)
Artiklar og enkeltkapittel
Auer, Peter (2005). Europe’s sociolinguistic unity, or: A typology of European dialect/standard constellations. I Perspectives on variation: Sociolinguistic, historical, comparative. Berlin/New York: de Gruyter. (7–42) (36 sider)
Blommaert, Jan (2010). Sociolinguistics of globalization. Cambridge University Press. (kap. 1) (1-28) (27 sider)
Bourdieu, Pierre (1977). The economics of linguistic exchanges. Social Science Information 16/6. (645–668) (23 sider)
Bull, T. (1996). Fast skriftnormal eller normal med valfrie former? I: Tvinnereim, H.S. (red.). Nynorsk skriftkultur – aktuelle forskingsfelt. Volda: Høgskulen i Volda. (s. 63–70) (7 sider)
Eckert, Penny (2012). Three waves of variation study. The emergence of meaning in the study of variation. (32 sider)
http://web.stanford.edu/~eckert/PDF/ThreeWavesofVariation.pdf
Faarlund, J.T. (1996). Nynorsk og bokmål – tilhøvet mellom det almenne og det spesielle. I: Tvinnereim, H.S. (red.). Nynorsk skriftkultur – aktuelle forskingsfelt. Volda: Høgskulen i Volda. (s. 37–44) (7 sider)
Freywald, U., Cornips, L., Ganuza, N., Nistov, I. & Opsahl, T. (2015). Beyond verb second – a matter of novel informational-structural effects? Evidence from Norwegian, Swedish, German and Dutch. I: Jacomine & Svendsen (red.). Language, Youth and Identity in the 21st Century. Linguistic Practices across Urban Spaces. Cambridge University Press. (s. 73–92) (19 sider)
Ims, Ingunn Indrebø (2013). Språklig registerdanning og verditilskriving: Betegnelser på nye måter å snakke norsk på i Oslo. NOA norsk som andrespråk 29 (2). 37–71. (34 sider)
Jahr, Ernst H. (1992). Innhogg i nyare norsk språkhistorie. (”Bruk av dialektene i grunnskolen frå 1878 til i dag”) (28–37) (10 sider)
Jørgensen, J.N. (2011). Normer om sprogvalg i superdiversiteten. Danske talesprog, 11, 165–185. (20 sider)
Melby, Guri (2008). Språk og symbolsk makt i Team Antonsen. Målbryting 9. (35–69) (32 sider)
Mæhlum, Brit (2009). Standardtalemål? Naturligvis! En argumentasjon for eksistensen av et norsk standardtalemål. I Norsk lingvistisk tidsskrift 1. (7–26) (19 sider)
Mæhlum, Brit og Unn Røyneland (2011). ““Lasternes Hule” eller “Civilisationens Arnested”? Byens posisjon i norsk talemålsforskning”. I: Nordiskfaget - tradisjon og fornying. Oslo: Novus. (69–96) (28 sider)
Nilson, Jenny (2009). Dialect change? Nordic Journal of Linguistics 32(02) (207-220) (14 sider)
Røsstad, R. (2002). Å undersøke oppfatningar om endring og variasjon i eigen dialekt. Målbryting 6, (191–200). DOI: https://doi.org/10.7557/17.4759 (19 sider)
Røyneland, U. (2018). Sosial og geografisk variasjon, utjamning og ny variasjon frå ca. 1945 til i dag. I Mæhlum, B. (red.), Norsk språkhistorie. NSH-II Praksis. Oslo: Novus (240–257). (17 sider)
Sandøy, Helge (2009). Standardtalemål? Ja, men ...! Norsk lingvistisk tidsskrift 1. (27-47) (30 sider)
Sollid, Hilde (2014). Hierarchical dialect encounters in Norway. Acta Borealia 31(2). (s. 111-130) (20 sider)
Stjernholm, Karine (2019). Variasjon som virkemiddel – hiphop, språkvalg og identitetskonstruksjon i Oslo. Norsk lingvistisk tidsskrift 37(1). (25–57)
http://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/1647 (27 sider)
Stjernholm, Karine & Åshild Søfteland (2019). Talemål i Sør-Østfold. Ideologi, struktur og praksis. Målbryting 10. 101-131. (30 sider)
Sunde, A. M. (2016). ‘Inspect kniven i inventoryen min’. Språklig praksis i et nytt domene. Norsk lingvistisk tidsskrift 34(2), 133-160. (27 sider)
Svendsen, Bente A. (2012). Et språklig bakholdsangrep? Østfold l-ens inntog i Oslo. I Enger, Hans Olav & Unn Røyneland (red.). Fra holtijar til holting. Språkhistoriske og språksosiologiske artikler til Arne Torp på 70-årsdagen. (17 sider)
Vikør, Lars (2001). The Nordic Languages. Their Status and Interrelations. Oslo: Novus. Chap. II The Languages (s. 27–77) (50 sider)
Vikør, L.S. (1996). Nynorsk skriftkultur sett i nordisk lys. I: Tvinnereim, H.S. (red.). Nynorsk skriftkultur – aktuelle forskingsfelt. Volda: Høgskulen i Volda. (s. 45–52) (7 sider)
Walton, S. (2015). Kva er nynorsken? I: Eiksund, H. & Fretland, J.O. (red.). Nye røyster i nynorskforkinga. (s. 16–33) (17 sider)
(1224 sider)
Støttelitteratur:
Søfteland, Å. (2018). Nordisk dialektkorpus - introduction aux recherches sur les parlers dans le Norden. Nordiques 35, 95–115. («Nordisk dialektkorpus - ei innføring» – norskspråkleg versjon blir utdelt)
NESH: Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap, humaniora, juss og teologi:
https://www.etikkom.no/globalassets/documents/publikasjoner-som-pdf/60125_fek_retningslinjer_nesh_digital.pdf