Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Anders Eilertsen
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

LNOR10217 Grammatikk, skriveopplæring og elevtekster (Vår 2020)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk årsstudium og Norsk 1 (30 studiepoeng).

Undervisningssemester

2. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei innsikt i korleis elevar på 5.-10. trinn kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine

  • har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk

  • har brei kunnskap om relevante teoriar om skriving og skriveopplæring

  • har kunnskap om dei ulike funksjonane skriving kan ha for elevars utvikling og læring

  • har kunnskap om skrivestrategiar

  • har kunnskap om gjeldande normering av bokmål og nynorsk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan analysere språket som system

  • kan legge til rette for at elevar får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag

  • kan rettleie elevar i ulike former for skriftleg argumentasjon og i variasjon i ordbruk og setningsoppbygging

  • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av skriftlege elevtekstar

  • kan vurdere relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring, skriftforming og grammatikk frå 5. til 10. trinn, både for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk

  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar

  • kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med skriftlege tekstar

  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

Generell kompetanse

Kandidaten

  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk

  • kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper

  • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø

  • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon

  • kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Innhold

NOR102 er konsentrert om desse fagområda:

  • Skriveopplæring og arbeid med elevtekster med vekt på 5.-10. trinn

  • Språket som system

  • Språknormering, bokmål og nynorsk

Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle tema, i samsvar med måla for læringsutbytte. Sentrale området som er integrert i emnet, er grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering, fleirkulturelle perspektiv.

Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i både skriftlege og munnlege sjangrar.

Undervisnings- og læringsformer

Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid, og lærestoffet skal bygge på anerkjent forskingsbasert kunnskap. I lærarutdanninga speler dessutan praksisperiodane ei viktig rolle, og samarbeid med praksisskolane opnar for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til læringsutbytta i emnet.

Digitale arbeidsmåtar i emnet er blant anna: Innføring i akademisk bruk av Word (el. tilsv.) og referanseteknikk, opplæring i bruk av ordboksressursar og skrivehjelp på nett, grammatikkspel for barn og unge (t.d. GREI), samskrivingsverktøy til studentoppgåver.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

I løpet av semesteret blir det gitt oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema i emnet:

  1. Individuelt skriftleg arbeidskrav (grammatikk/språket som system). Målform: bokmål

  2. Individuelt skriftleg arbeidskrav (skriveopplæring/elevtekstanalyse). Målform: nynorsk

  3. Munnleg og/eller digitalt arbeidskrav i gruppe

Tilbakemelding på arbeidskrav kan dels vere frå faglærarar, dels frå andre studentar, eventuelt kan dei bli vurdert av studenten sjølv (f.eks. refleksjonslogg). Meir detaljert beskriving av innhaldet i arbeidskrava vil bli gitt ved undervisningsstart.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Sluttvurdering i emnet består av to deleksamenar:

Deleksamen 1. Individuell skriftleg skoleeksamen, 4 timar Skriftlig skoleeksamen tel 40 % av total karakter.Målform: bokmål

Denne deleksamenen vektlegg grammatikkdelen av emnet, altså læringsutbytta knytt til språket som system.

Tillatne hjelpemiddel: Ingen.

Karakterregel: A-F.

Intern og ekstern sensor.

Deleksamen 2: Individuell heimeeksamen, tre dagar Heimeeksamen tel 60 % av total karakter. Målform: nynorsk

Denne deleksamenen vektlegg tema knytt til skrivedidaktikk og analyse av elevtekster.

Omfang: 3000 ord +/- 10 %. Innhaldsliste og litteraturliste kjem i tillegg.

Karakterregel: A-F.

Intern og ekstern sensor.

Kandidaten må ha greidd båe eksamenar for å få karakter i emnet. Karakterregel: A-F.

Evaluering av emnet

Studentane får anledning til å delta i evaluering av emnet (EVA3). Resultata blir handsama av studieleiar og av faglærarane som er knytt til emnet.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 20.12.2017.

Bøker:

Kulbrandstad, Lars A. og Kinn, Torodd (2016). Språkets mønstre. Norsk språklære med øvingsoppgaver. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 17-56, 115-507) (433 sider)

Otnes, Hildegunn & Harald M. Iversen (2016). Å lære å skrive. Tekstkompetanse i norskfagets skriveopplæring. Oslo: Universitetsforlaget. (248 sider)

Artiklar og kapittel (i kompendium):

Aasen, Arne J. & Trygve Kvithyld (2012). Å skrive, det er å omskrive - funksjonell respons for å utvikle elevenes revisjonskompetanse. I Bedre skole 1. (s. 24-29) (6 sider) Henta frå: http://www.utdanningsforbundet.no/upload/Tidsskrifter/Bedre Skole/BS _nr_1_11/BS_1-12/UTD-BedreSkole-0112-WEB_Kvithyld_Aasen.pdf

Andreassen, Rune & Benthe K. Jansson (2014). Lese- og skrivevansker. I Jansson, Benthe K. & Traavik, Hilde (red.), Norskboka 2. Norsk for grunnskolelæreutdanning 1-7. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 183-217) (35 sider)

Berge, Kjell Lars (2014). Å kunne uttrykke seg skriftlig. I Stray, Janicke Heldal & Wittek, Line (red.), Pedagogikk - en grunnbok. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (s. 488-502) (15 sider)

Dysthe, Olga & Frøydis Hertzberg (2009). Den nyttige tekstresponsen - hva sier nyere forsking? I Haugaløkken, Ove K. m.,fl. (red.): Tekstvurdering som didaktisk utfordring. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 35-43) (8 sider)

Evensen, Lars S. (2010). En gyldig vurdering av elevers skrivekompetanse? I Smidt, J., Folkvord, I. & Aasen, A. J. (red.), Rammer for skriving. Om skriveutvikling i skole og yrkesliv. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag. (s. 13-31) (19 sider) Henta frå: http://www.skrivesenteret.no/ressurser/en-gyldig-vurdering-av-elevers-skrivekompetanse/

Hertzberg, Frøydis (2014). Grammatikk i skolen - klart for en omkamp? I Bedre skole 2. (s. 80-83) (4 sider) Henta frå: http://www.utdanningsforbundet.no/upload/Tidsskrifter/ Bedre Skole/BS_2_2014/UTD-BedreSkole-0214-WEB_Hertzberg.pdf

Hertzberg, Frøydis (2008). Grammatikk? I Nergård, Mette Elisabeth & Tonne, Ingebjørg (red.), Språkdidaktikk for norsklærere. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 17-26) (10 sider)

Hertzberg, Frøydis (2008). Sjangerskriving i ungdomsskolen: Fortelling er ikke nok. I Bjar, Louise (red.), Det er språket som bestemmer! Læring og språkutvikling i grunnskolen. Bergen: Fagbokforlaget/LNU. (s. 223-241) (18 sider)

Hognestad, Jan K. (2013). Fonetikk og fonologi. I Traavik, Hilde & Jansson, Benthe K. (red.), Norskboka 1. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 97-114) (17 sider)

Jansson, Benthe K. (2013). Språknormering. I Traavik, Hilde & Jansson, Benthe K. (red.), Norskboka 1. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 247-259) (13 sider)

Løvland, Anne (2007). Kva kjenneteiknar ein samansett tekst? I På mange måtar. Samansette tekstar i skolen. Bergen: LNU/Fagbokforlaget. (s. 20-40) (21 sider)

Matre, Synnøve og Nygård, Mari (2017), Språksyn og språkteoretiske tilnærmingsmåter (kap. 2), I: Igland, Mari og Nygård, Mari (red.), Norsk 5-10. Språkboka, s. 23-38. Oslo: Universitetsforlaget (26 sider)

Skovholt, Karianne & Veum, Aslaug (2014). Teoriar om tekst og kommunikasjon. I: Tekstanalyse. Ei innføring. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (s. 20-40) (21 sider)

Solheim, Randi & Matre, Synnøve (2014). Forventninger om skrivekompetanse. Perspektiver på skriving, skriveopplæring og vurdering i «Normprosjektet». Viden om Læsning, s. 76-89 (13 sider)

Solheim, Randi, Ann S. Larsen & Anne C. Torvatn (2010). 'Skrivekulturar på mellomtrinnet - tre døme'. I Smidt, Jon (red.), Skriving i alle fag - innsyn og utspill. Trondheim: Tapir akademiske forlag. (s. 39-65) (27 sider)

Traavik, Hilde (2009). Grunnleggende ferdigheter: Hvorfor er de så viktige? I Traavik m.fl. (red.), Grunnleggende ferdigheter i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 18-31) (14 sider)

Læreplanen i norsk og andre relevante offentlege dokument:

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova):http://www.lovdata.no/all/nl-19980717-061.html

Forskrift til opplæringslova: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060623-0724.html

Læreplan i norsk: http://www.udir.no/kl06/NOR1-05/Utdanningsdirektoratet (2014): Vurderingsrettleiingar og eksamensoppgåver: https://pgsf.udir.no/dokumentlager/EksamensOppgaver.aspx?proveType=EG(Passord til eksempeloppgåver vil bli gitt av forelesar.)

Elevtekster

Eit utval elevtekster vil bli delt ut på forelesingane

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 25. jan. 2022 02:49:57