Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Anders Eilertsen
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

LNOR10217 Grammatikk, skriveopplæring og elevtekster (Vår 2021)

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk årsstudium og Norsk 1 (30 studiepoeng).

Undervisningssemester

2. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Kandidaten

  • har brei innsikt i korleis elevar på 5.-10. trinn kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine

  • har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk

  • har brei kunnskap om relevante teoriar om skriving og skriveopplæring

  • har kunnskap om dei ulike funksjonane skriving kan ha for elevars utvikling og læring

  • har kunnskap om skrivestrategiar

  • har kunnskap om gjeldande normering av bokmål og nynorsk

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan analysere språket som system

  • kan legge til rette for at elevar får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag

  • kan rettleie elevar i ulike former for skriftleg argumentasjon og i variasjon i ordbruk og setningsoppbygging

  • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av skriftlege elevtekstar

  • kan vurdere relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring, skriftforming og grammatikk frå 5. til 10. trinn, både for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk

  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar

  • kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med skriftlege tekstar

  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

Generell kompetanse
Kandidaten

  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk

  • kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper

  • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø

  • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon

  • kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Innhold

NOR102 er konsentrert om desse fagområda:

  • Skriveopplæring og arbeid med elevtekster med vekt på 5.-10. trinn

  • Språket som system

  • Språknormering, bokmål og nynorsk

Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle tema, i samsvar med måla for læringsutbytte. Sentrale område som er integrert i emnet, er grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og fleirkulturelle perspektiv.

Studentane skal få forståing av korleis digital utvikling påverkar skolen og lærarprofesjonen, til dømes gjennom læreplanar og lovgrunnlag, og korleis digitale læremiddel kan brukast for å fremje kreativitet, problemløysing, kritisk tekstforståing og demokratisk deltaking.

Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i både skriftlege og munnlege sjangrar.

Undervisnings- og læringsformer

Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid, og lærestoffet skal bygge på anerkjent forskingsbasert kunnskap. I lærarutdanninga speler dessutan praksisperiodane ei viktig rolle, og samarbeid med praksisskolane opnar for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til læringsutbytta i emnet.

Digitale arbeidsmåtar i emnet er blant anna: Innføring i akademisk bruk av Word (el. tilsv.) og referanseteknikk, opplæring i bruk av ordboksressursar og skrivehjelp på nett, grammatikkspel for barn og unge (t.d. GREI), samskrivingsverktøy til studentoppgåver.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

I løpet av semesteret blir det gitt oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema i emnet:

  1. Individuelt skriftleg arbeidskrav (grammatikk/språket som system). Målform: bokmål

  2. Individuelt skriftleg arbeidskrav (skriveopplæring/elevtekstanalyse). Målform: nynorsk

Tilbakemelding på arbeidskrav kan dels vere frå faglærarar, dels frå andre studentar, eventuelt kan dei bli vurdert av studenten sjølv (f.eks. refleksjonslogg). Meir detaljert beskriving av innhaldet i arbeidskrava vil bli gitt ved undervisningsstart.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Sluttvurdering i emnet består av to deleksamenar:

Deleksamen 1: Individuell skriftleg skoleeksamen, 4 timar Skriftlig skoleeksamen tel 40 % av total karakter.
Målform: bokmål

Denne deleksamenen vektlegg grammatikkdelen av emnet, altså læringsutbytta knytt til språket som system.

Tillatne hjelpemiddel: Ingen.

Karakterregel: A-F.

Deleksamen 2: Individuell heimeeksamen, tre dagar. Heimeeksamen tel 60 % av total karakter. Målform: nynorsk

Denne deleksamenen vektlegg tema knytt til skrivedidaktikk og analyse av elevtekster.

Omfang: 3000 ord +/- 10 %. Innhaldsliste og litteraturliste kjem i tillegg.

Karakterregel: A-F.

Kandidaten må ha greidd båe eksamenar for å få karakter i emnet. Karakterregel: A-F.

Sensorordning

Deleksamen 1: Intern og ekstern sensor.

Deleksamen 2: Intern og ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Studentane får anledning til å delta i evaluering av emnet (EVA3). Resultata blir handsama av studieleiar og av faglærarane som er knytt til emnet.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 4. desember 2020

Bøker:

Budal, Ingvil B., Theil, Rolf, Thorvaldsen, Bernt Ø. & Tonne, Ingebjørg (2020). Språk i skolen. Grammatikk, retorikk, didaktikk. Bergen. Fagbokforlaget.

Larsson, Ida, Søfteland, Åshild & Vindenes, Urd (2020). Praktisk grammatikk: øvingar og løysingsforslag. Oslo: Samlaget

Otnes, Hildegunn & Harald M. Iversen (2016). Å lære å skrive. Tekstkompetanse i norskfagets skriveopplæring. Oslo: Universitetsforlaget. (248 sider)

 

Artiklar og kapittel (K=kompendium):

Aasen, Arne J. & Trygve Kvithyld (2012). Å skrive, det er å omskrive - funksjonell respons for å utvikle elevenes revisjonskompetanse. I Bedre skole 1. (s. 24-29) (6 sider) Henta frå: http://www.utdanningsforbundet.no/upload/Tidsskrifter/Bedre Skole/BS _nr_1_11/BS_1-12/UTD-BedreSkole-0112-WEB_Kvithyld_Aasen.pdf

Andreassen, Rune & Benthe K. Jansson (2014). Lese- og skrivevansker. I Jansson, Benthe K. & Traavik, Hilde (red.), Norskboka 2. Norsk for grunnskolelæreutdanning 1-7. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 183-217) (35 sider) (K)

Bakken, J. (2019): Kva er nytt i det fornyede norskfaget? I: Blikstad-Balas, M. & Solbu, K.R. (red.): Det (nye) norskfaget. Bergen. Fagbokforlaget. (K)

Dysthe, Olga & Frøydis Hertzberg (2009). Den nyttige tekstresponsen - hva sier nyere forsking? I Haugaløkken, Ove K. m.,fl. (red.): Tekstvurdering som didaktisk utfordring. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 35-43) (8 sider) (K)

Hertzberg, Frøydis (2008). Sjangerskriving i ungdomsskolen: Fortelling er ikke nok. I Bjar, Louise (red.), Det er språket som bestemmer! Læring og språkutvikling i grunnskolen. Bergen: Fagbokforlaget/LNU. (s. 223-241) (18 sider) (K)

Jansson, Benthe K. (2013). Språknormering. I Traavik, Hilde & Jansson, Benthe K. (red.), Norskboka 1. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 247-259) (13 sider) (K)

Matre, Synnøve og Nygård, Mari (2017), Språksyn og språkteoretiske tilnærmingsmåter (kap. 2), I: Igland, Mari og Nygård, Mari (red.), Norsk 5-10. Språkboka, s. 23-38. Oslo: Universitetsforlaget (26 sider) (K)

Solheim, Randi & Matre, Synnøve (2014). Forventninger om skrivekompetanse. Perspektiver på skriving, skriveopplæring og vurdering i «Normprosjektet». Viden om Læsning, s. 76-89 (13 sider): http://norm.skrivesenteret.no/wp-content/uploads/2014/03/videnom_15_8.pdf

 

Læreplanen i norsk og andre relevante offentlege dokument:

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova): http://www.lovdata.no/all/nl-19980717-061.html

Forskrift til opplæringslova: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060623-0724.html

Læreplan i norsk: https://www.udir.no/lk20/nor01-06

Fagfornyelsen: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/fagfornyelsen/

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 1. des. 2021 06:18:52