LUMNOR40217 Vitskapsteori og forskingsmetode (Vår 2023)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig fakultet:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Ida Gunilla Larsson
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Innholdsfortegnelse

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Masterstudium i norsk i skolen (120 studiepoeng) (heiltid og deltid).

Undervisningssemester

Heiltid og deltid: 2. semester (vår).

Innhold

I dette emnet skal studentane lære om vitskapsteori og forskingsmetode, med vekt på nordiske og didaktiske tradisjonar. Det skal også førebu dei på gjennomføring av eit sjølvstendig forskingsprosjekt i samband med masteroppgåva. Kjeldekritikk er eit sentralt tema. Studenten skal også få kjennskap til regler om personvern, datasikkerheit, kjeldekritikk og riktig bruk av kjelder. Studentane skal få trening i å vurdere relevant forskingslitteratur, ulike typar datamateriale, og teoretiske og metodiske val relevante for skole- og klasseromsforsking. Det blir lagt opp til viktige etiske diskusjonar, der blant anna forsking på eigen arbeidsplass og bruk av barn og unge som informantar vil vere tema.

Studentens læringsutbytte ved bestått emne

Kunnskap
Kandidaten

  • har god oversikt over vitskaplege problemstillingar, forskingsteoriar og metodar i norskfaglege og norskdidaktiske spørsmål
  • har kjennskap til ulike kunnskapssyn, og korleis dei påverkar forskingsprosessar
  • har god kunnskap om ulike metodar for innsamling og analyse av empiriske data
  • har kunnskap om forskingsetiske problemstillingar

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan vurdere ulike metodar som er relevante for norskdidaktiske, språklege og litteraturteoretiske forskingsspørsmål
  • kan analysere og vurdere kritisk alternative forskingsdesign
  • kan ta stilling til forskingsetiske spørsmål og dilemma

Generell kompetanse
Kandidaten

  • har kunnskapar og ferdigheiter til å kunne gjennomføre forskingsprosjekt på ein profesjonell og vitskapleg måte
  • har akademisk skriveferdigheit og sjangerforståing
  • kan utvise forskingsetisk dømmekraft

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

  • Forelesingar og seminar
  • Diskusjonar og presentasjonar i grupper og i plenum
  • Praktisk oppgåveløysing, aleine og i grupper
  • Sjølvstudium og kollokviegrupper

Arbeidsomfang

Emnet har eit forventa arbeidsomfang på om lag 400 timar.

Praksis

Det er ikkje knytt praksis til emnet.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Individuell, munnleg presentasjon med drøfting av relevant faglitteratur for medstudentar og lærar
  2. Etikk: Case-studium i gruppe, drøfta opp mot forskingsetiske retningslinjer, dokumentert med refleksjonsnotat. Målform: bokmål

Studenten vil få tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar på arbeidskrava.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell, skriftleg heimeeksamen, 5 dagar

Studentane får utdelt eksamensoppgåve fem dagar før innleveringsfristen. Eksamenssvaret skal vere på ca. 6 sider. Litteraturliste og innhaldsliste kjem i tillegg. Målform: bokmål.

Karakterregel: A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane midtvegs/undervegs og sluttevaluering.

Litteratur

Gjeldende litteraturliste for 2023 Vår finner du i Leganto
Sist hentet fra FS (Felles studentsystem) 14. okt. 2026 08:20:00