LNOR10217 Grammatikk, skriveopplæring og elevtekster (Vår 2027)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig fakultet:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Maja Michelsen
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Innholdsfortegnelse

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk, årsstudium.

Undervisningssemester

2. semester (vår).

Innhold

NOR102 er konsentrert om desse fagområda:

  • Skriveopplæring og arbeid med elevtekster med vekt på 5.-10. trinn
  • Grammatikkunnskap
  • Kunnskap om dei norske skriftspråka

Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle tema, i samsvar med måla for læringsutbytte. Sentrale område som er integrert i emnet, er grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og fleirkulturelle perspektiv.

Studentane skal få forståing av korleis digital utvikling påverkar skolen og lærarprofesjonen, til dømes gjennom læreplanar og lovgrunnlag, og korleis digitale læremiddel kan brukast for å fremje kreativitet, problemløysing, kritisk tekstforståing og demokratisk deltaking.

Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i skriftlege sjangrar.

Studentens læringsutbytte ved bestått emne

Kunnskap

Studenten

  • har brei innsikt i korleis elevar på 5.-10. trinn kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
  • har brei kunnskap om norsk grammatikk
  • har brei kunnskap om relevante teoriar for skriving og skriveopplæring
  • har kunnskap om dei ulike funksjonane skriving kan ha for elevars utvikling og læring
  • har kunnskap om skrivestrategiar
  • har kunnskap om normering av bokmål og nynorsk
  • har kunnskap om lese- og skrivevanskar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere ulike typar strukturar i norsk grammatikk
  • kan legge til rette for at elevar får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag
  • kan støtte alle elevar i skriveutviklinga, uansett ferdigheitsnivå
  • kan rettleie elevar i varierte måtar å skrive på, både for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av skriftlege elevtekstar
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

Generell kompetanse

Studenten

  • er stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • har eit fagleg metaspråk om skriveopplæring, vurdering og grammatikk
  • kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
  • kan reflektere over korleis ein arbeider med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø
  • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
  • kan legge til rette for at arbeidet skriving og språkkunnskap kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Undervisnings- og læringsformer

Tilnærminga til stoffet skjer gjennom forelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid, i både skriftlege oppgåver og munnlege diskusjonar, og lærestoffet bygger på anerkjent forskingsbasert kunnskap.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

I løpet av semesteret blir det gitt oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema i emnet:

  1. Individuelt skriftleg arbeidskrav (grammatikk/språket som system). Målform: bokmål
  2. Individuelt skriftleg arbeidskrav (skriveopplæring/elevtekstanalyse). Målform: nynorsk
  3. Obligatorisk deltaking i undervisninga. Minimum 80% oppmøte

Tilbakemelding på arbeidskrav kan dels vere frå faglærarar, dels frå andre studentar, eventuelt kan dei bli vurdert av studenten sjølv (f.eks. refleksjonslogg). Meir detaljert beskriving av innhaldet i arbeidskrava vil bli gitt ved undervisningsstart.

Arbeidskrav blir vurdert til godkjend / ikkje godkjend. Alle arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom eit arbeidskrav ikkje blir godkjend, får studenten eitt nytt forsøk, med unntak av arbeidskravet Obligatorisk deltaking i undervisninga.

Eksamen

Sluttvurdering i emnet består av to deleksamenar:

Deleksamen 1: Individuell skriftleg skoleeksamen, 4 timar. Her er fokuset på grammatikkdelen av emnet. Målform: bokmål. Tillatne hjelpemiddel: Ordliste/ordbok. Karakterregel: A-F. Denne deleksamenen tel 40 % av total karakter.

Deleksamen 2: Individuell skriftleg skoleeksamen, 6 timar. Her er fokuset på skrivedidaktikk, analyse og vurdering av elevtekster. Sjølve eksamensoppgåva vil bli utdelt 24 timar før eksamensstart, slik at kandidatane har moglegheit for å førebu seg. Målform: nynorsk. Tillatne hjelpemiddel under eksamen: Ordliste/ordbok. Karakterregel: A-F. Denne deleksamenen tel 60 % av total karakter.

Kandidaten må ha greidd begge eksamenar for å få karakter i emnet.

Sensorordning

Deleksamen 1: Intern og ekstern sensor. Deleksamen 2: Intern og ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Emnet vert evaluert i samsvar med HiØ sitt kvalitetssystem.

Litteratur

Gjeldende litteraturliste for 2025 Vår finner du i Leganto
Sist hentet fra FS (Felles studentsystem) 4. nov. 2026 05:11:52