Programmet tar ikke opp nye studenter

Hva lærer du? (2019–2020)

Studiets læringsutbytte

En kandidat med fullført kvalifikasjon har følgende totale læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten

  • har kunnskap om dei særprega lærings- og erkjenningsformene som er knytt til kunstnarleg, estetisk og musikalsk verksemd
  • har kunnskap om psykologiske og kulturelle faktorar som verkar inn på utviklinga av barn og unges musikalitet, utrykksformer, kreativitet og identitet
  • har grunnleggande kunnskap om norsk og internasjonal musikk frå ulike sjangrar og musikkhistoriske epokar, om norsk og samisk tradisjonsmusikk og om musikk frå andre kulturar
  • har kunnskap om grunnleggjande musikkteori og ulike former for musikkanalyse
  • har kunnskap om korleis musikk blir brukt og integrert i ulike former for samfunnsuttrykk, t.d. i film og media og om korleis musikk kan vere eit formande element i slike samanhengar
  • har kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggjar for musikkopplæring for trinna 5-10
  • har kunnskap om musikkfaget si historie og rolle i samfunnet, læreplanar i faget og faget si læreplanhistorie
  • har solid kunnskap om analoge og digitale læringsressursar og læringsmateriell som er utvikla til bruk i skolefaget på 5.- 10. trinn og til uformelle læreprosessar utanom skolen, t.d. på internett, og kunne vurdere desse kritisk
  • har kunnskap om kjenneteikn på eit mangfaldig og inkluderande læringsmiljø og fellesskap for musikalsk læring for trinna 5-10
  • har solid kunnskap om musikkteori og om musikalsk sjanger-, komposisjons-, og formlære, og om representativ musikk frå ulike tider og i ulike kulturar
  • har kjennskap til historia til profesjonsrelevante sider av musikkfaget som vitskaps- og utøvingsfag
  • har kunnskap om musikk og følelseskunnskap og om ulike sider ved musikkens verknad på sinn og kropp, særleg med vekt på musikalsk ungdomskultur

Ferdigheiter
Studenten

  • kan synge og bruke stemma på varierte måtar, uttrykke seg musikalsk og meiningsfullt på eige hovudinstrument og akkompagnere song på piano, gitar eller anna akkordinstrument
  • kan danse til og med musikk og meistre eit representativt utval av tradisjonelle og moderne dansar frå ulike kulturar til bruk i musikkundervisning på trinna 5-10
  • kan leie og instruere song-, samspel- og danseprosessar med medstudentar og med elevar på trinna 5-10
  • kan lytte aktivt og reflekterande til eit representativt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske periodar og ulike kulturar
  • vise kunnskap om musikken gjennom bruk av musikkanalyse og gjennom verbale så vel som andre kunstrelaterte uttrykksformer, t.d. dans/rørsle og drama
  • kan komponere musikk på varierte måtar, improvisere med instrument og stemme og kunne leie improvisasjons- og komposisjonsprosessar for elevar på trinna 5-10
  • kan bruke analoge og digitale musikkinstrument og tekniske og elektroniske hjelpemiddel med tanke på musikalsk skaping, formidlingsverksemd og musikkproduksjon
  • kan ta i bruk og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og læringsmateriell som over tid er utvikla i skolefaget musikk for trinna 5-10
  • kan leggje til rette for musikalsk opplæring og utvikling for elevar med spesielle evner eller vanskar
  • kan gjennomføre tilpassa opplæring for elevar med ulik bakgrunn, ulike føresetnader og interesser
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere ulike læreprosessar knytt til musikk, dans/rørsle og skolekonsertar for trinna 5- 10 og drøfte korleis skolen og samfunnet kan leggje til for slike opplevingar som del av musikkopplæring
  • kan framføre et variert repertoar av song og musikk, musikalsk og uttrykksfullt, åleine, og i samspel med andre, i grunnskolen og på andre opplæringsarenaer
  • kan improvisere, komponere, arrangere og produsere, utøve og leie, og framføre musikk på konsertar og i andre offentlege rom
  • kan vise eit godt utvikla musikkgehør som kan danne grunnlag for musikalsk forståing, eiga musisering og skaping
  • kan notere eigne komposisjonar og leggje til rette for musikalsk materiale for ulike framføringsføremål og for musikkundervisning og læreprosessar på trinna 5-10
  • kan reflektere over og drøfte musikkens rolle i det fleirkulturelle samfunnet med særleg vekt på samspelet mellom musikalsk ungdomskultur og musikktradisjonar frå ulike kulturar
  • kan drøfte kva rolle uformelle opplæringsarenaer betyr for musikk- og danseopplæring av elevar på 5.-10. trinn og kva for verknad slike erfaringar kan ha for musikkopplæringa på skolen
  • kan vurdere og analysere musikk med utgangspunkt i teori om estetikk og kulturutvikling
  • kan vurdere, analysere og delta i varierte fagdidaktiske forskings- og utviklingsprosessar

Generell kompetanse
Studenten

  • kan initiere fagleg samarbeid og bruke musikk både som regifag og som støttefag i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid i sine framtidige yrkesroller
  • har innsikt i og kan drøfte musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skolekvardagen og i eit fleirkulturelt samfunn
  • kan aktivisere og stimulere elevane si evne til å skape, oppleve, uttrykke og reflektere
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere ei heilskapleg musikkopplæring i samarbeid med skolen sine samarbeidspartnarar, i tråd med gjeldande læreplanen for grunnskolen
  • kan vurdere ulike verktøy for elevvurdering i musikkfaget og samanlikne med tilsvarande for andre fagområde, og kommunisere grunnlaget for vurdering til elevar, føresette, kollegaer og skoleleiing
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 29. jan. 2022 03:10:08