Studieplan for Norsk, årsstudium (2011–2012)
Fakta om programmet
- Studiepoeng:
- 60
- Studiets varighet:
- 1 år
- Undervisningsspråk:
- Norsk
- Studiested:
- Halden
Innholdsfortegnelse
Studiemodell
Høst 2011
Obligatoriske emner
Velg studieretning for å se emner
Vår 2012
Obligatoriske emner
Velg studieretning for å se emner
Hva lærer du?
Studiets læringsutbytte
Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjonsfag. Læringsutbytet i dei fire emna i studiet er knytt til faglege kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som er nødvendig for å kunne undervise i norskfaget på 5. - 10. trinn.
Sjå emneplanane for nærmare beskriving av læringsutbyte.
Opptakskrav
Oppbygging og gjennomføring
Studiets oppbygging og innhold
Studiet har fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei fire emna har desse hovudområda:
Norsk 101:
- Lesing og leseopplæring
- Litteratur og litteraturdidaktikk
- Munnleg opplæring
Norsk 102:
- Skriveopplæring og arbeid med elevtekster med vekt på 5. - 10. trinn
- Språket som system
- Språkutvikling
- Språknormering, bokmål og nynorsk
Norsk 103:
- Språkhistorie etter 1800
- Sidemålsdidaktikk
- Lesing og skriving i historisk perspektiv, faghistorie
- Språkendring og talemålsvariasjon
- Fleirspråklegheit og norsk som andrespråk
- Språk i Norden
Norsk 104:
- Lesing og leseopplæring med vekt på ungdomstrinnet
- Litteratur og litteraturdidaktikk
- Samansette tekster
- Språk og tekst i ulike medium
Meir detaljert beskriving av innhaldet i dei fire emna går fram av emneplanane.
Organisering og læringsformer
Læringsformer
I studiet blir det lagt vekt på at studentane skal møte varierte arbeidsformer, som for eksempel forelesingar, faglege diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal ha ei utforskande tilnærming til faget og undervisninga i faget. IKT er integrert i studiet. Fronter blir brukt som læringsplattform.
Bibliotek
Biblioteket skal bidra til å auke studentane si evne til å søkje etter, finne, evaluere og bruke relevant fagleg informasjon. I tillegg til personleg service, kan studentane få bibliotekundervisning der målsettinga er at dei skal kunne søkje i norske informasjonskjelder, ha kjennskap til internasjonale databasar og kunne vurdere kvalitet på informasjon. Det er også tilbod om kurs i referanseteknikk.
Arbeidskrav
Det er obligatoriske arbeidskrav til kvart emne, som går fram av emnebeskrivingane. Desse arbeidskrava må vere godkjende for å framstille seg til eksamen.
Praksis
Internasjonalisering
I studia ved Avdeling for lærarutdanning blir det lagt vekt på at studentane skal sjå fag og lærararbeid i eit internasjonalt perspektiv. Det inneber at det blir lagt til rette for kontakt med tilsvarande utdanningsinstitusjonar i andre land og for utveksling av lærarar og studentar som ønskjer å arbeide spesielt med internasjonale spørsmål knytt til utdanning og læring.
I norskfaget blir det lagt vekt på det nordiske perspektivet.
Evaluering av studiet
For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning av god kvalitet er vi avhengig av at studentane gir tilbakemeldingar og at dei tar del i evaluering av studia.
Det enkelte fagmiljøet har ansvar for å etablere faste og allment kjende rutinar for evaluering på emnenivå (EVA 3). Sjå emneplanar for detaljar.
Tilbakemelding underveis
Vurdering
Obligatoriske arbeidskrav må vera godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i dei enkelte emna.
Studentane blir prøvd i begge målformer. Det er ikkje høve til fritak frå prøving i ei av målformene.
Det blir nytta bokstavkarakterar A-F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Studentar som får karakteren F, har ikkje bestått. Studiet har både munnlege og skriftlege eksamensformer. Eksamensform for dei enkelte emna er beskrive i emneplanane.