Programmet tar ikke opp nye studenter

Hva lærer du? (2019–2020)

Studiets læringsutbytte

Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjonsfag. Læringsutbytet i dei fire emna i studiet er knytt til fagleg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som er nødvendig for å kunne undervise i norskfaget på 5. - 10. trinn.

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om relevante teoriar om lesing og leseopplæring
  • har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing kan ha for elevars utvikling og læring
  • har kunnskap om lesestrategiar
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
  • har kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring
  • har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har kunnskap om barnelitteratur og nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar
  • har utvida innsikt i korleis gutar og jenter på ungdomstrinnet kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
  • har kunnskapar om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar i moderne medium og innsikt i korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • har kunnskapar om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur
  • har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
  • har kunnskap om kva som skjer når ein tekst blir overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)
  • har brei innsikt i korleis elevar på 5.-10. trinn kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
  • har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har brei kunnskap om relevante teoriar om skriving og skriveopplæring
  • har kunnskap om dei ulike funksjonane skriving kan ha for elevars utvikling og læring
  • har kunnskap om skrivestrategiar
  • har kunnskap om gjeldande normering av bokmål og nynorsk
  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
  • har utvida innsikt i korleis elevar med norsk som andrespråk kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
  • har inngåande kunnskap om norsk språkhistorie
  • har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag
  • har kjennskap til språk som ungdom brukar
  • har kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til andre nordiske språk og nasjonale minoritetsspråk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i leseopplæring frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk
  • kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
  • kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
  • kan analysere, tolke og vurdere tekster og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
  • kan bruke varierte arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane
  • kan samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskap og kulturell bakgrunn hos mottakarane
  • kan sette i gang, rettleie og vurdere munnleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomstrinnet og grunngi karakterane som blir sett
  • kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekster, sjå dei i eit historisk perspektiv og sette dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
  • kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon
  • kan sette sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetting) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
  • kan analysere språket som system
  • kan legge til rette for at elevar får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag
  • kan rettleie elevar i ulike former for skriftleg argumentasjon og i variasjon i ordbruk og setningsoppbygging
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av skriftlege elevtekstar
  • kan vurdere relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring, skriftforming og grammatikk frå 5. til 10. trinn, både for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
  • kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med skriftlege tekstar
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
  • kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring på 5.-10. trinn for elevar med norsk som andrespråk
  • kan legge til rette og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
  • kan legge til rette for variert grannespråksundervisning


Generell kompetanse

Studenten

  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
  • kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekster slik at dei kan utvikle seg sjølv, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i offentlige rom og samfunnet som eit heile
  • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

 

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 23. mai 2024 03:21:47