Programmet tar ikke opp nye studenter

Oppbygging og gjennomføring (2012–2013)

Studiets oppbygging og innhold

Innhaldet i studiet skal gje kunnskap om og innsikt i teoriar om lesing og om leseopplæring. Sentralt i studiet er drøfting av ulike måtar å leggje til rette for lesing i alle fag og for alle elevar - majoritetsspråklege og minoritetsspråklege, gutar og jenter. Kunnskap om korleis ulike typar lesetestar og kartleggingsverktøy kan brukast som grunnlag for tilpassa undervisning, er ein del av studiet. Ein vil også komme innom spesialpedagogiske spørsmål.

Studiet ser på lesing i eit breitt tekstperspektiv: fagtekstar og skjønnlitterære tekstar. Digitale tekstar (komplekse samansette tekstar) er ein sjølvsagt del av tekstutvalet, og IKT blir brukt både som verktøy og som arena for læring, kommunikasjon og innhenting av informasjon. Samanhengen mellom teori og praksis dannar grunnlaget for studiet, og derfor er ein sentral del av arbeidet knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar.

Organisering og læringsformer

Studiet er samlingsbasert. Det er to samlingar i haustsemesteret og tre samlingar i vårsemesteret. Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, faglege ressursar og individuell oppfølging frå faglærar skjer i nettbasert forum i Fronter. I tillegg til undervisning blir samlingane brukt til erfaringsdeling med utgangspunkt i praksisopplegg deltakarane gjennomfører i eigen klasse.

Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og praksisaktivitetar i klasserommet. Utprøving i eigen arbeidssituasjon og bruk av eigne didaktiske erfaringar er sentrale element.

Gjennom studiet skal studentane utvikle sine munnlege ferdigheiter og samhandle med andre deltakarar om sentrale utfordringar i faget. Denne delen av handlingskompetansen til ein lærar kan ein ikkje tileigne seg ved lesing, men må opparbeidast i reell dialog på samlingane.

Arbeidskrav:
Desse arbeidskrava må vere godkjende før studentane kan framstille seg til eksamen:

  1. 80 % deltaking på samlingane
  2. Kvar student eller studentgruppe leverer i Fronter til fastsett tid:
    - tre individuelle tekstar knytt til faglege emne 
    - ein tekst skriven av ei gruppe 

Arbeidskrava skal vere leverte/utførte innan fastsette fristar i semesterplanen. Arbeidskrava blir vurdert til "Godkjent" eller "Ikkje godkjent". Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga "Ikkje godkjent", har høve til ei ny innlevering. Studentane må då sjølve avtale ny vurdering av arbeidskravet med den faglæraren som har ansvar for arbeidskravet.  


Arbeidskrava må vere godkjende seinast tre veker før eksamen for at studenten kan framstille seg til eksamen.

Praksis

Det er ingen praksis i studiet. Men det er ein føresetnad at deltakarane er tilsette i grunnskolen eller har kontakt med ein skole der det er mogeleg for dei å hente inn materiale og ta del i læringsarbeid.

Evaluering av studiet

For at SKUT skal kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning med god kvalitet, er vi avhengige av tilbakemeldingar frå studentane. Studentane skal derfor ved slutten av studiet gjennomføre evaluering - på skjema frå SKUT.

Tilbakemelding underveis

Studentane skal få tilbakemeldingar frå undervisningspersonalet på innleverte arbeidskrav. Tilbakemeldingar kjem via e-læringsplattforma Fronter og munnleg på samlingane.

Vurdering

Skriftleg, individuell eksamen ved HIØ. Varigheit 6 timar. Ingen hjelpemiddel.

Vurderinga blir gjort av to sensorar. Gradert karakterskala A - F der A er beste karakter, E lågaste beståtte karakter og F betyr ikkje bestått.

Litteratur

Litteraturen er sist oppdatert 17.09.2012.

Bøker:

Klinkenberg, Jan Erik (2005, 3. utgave 2012): Å bedre barns leseflyt. 27 varianter av repetert

 lesing. Ascehoug & Co.                                                                                                                         

Lillesvangstu, Marianne, Elise Seip Tønnessen og Hanne Dahll-Larssøn (red.)(2007):  Inn i teksten -

ut i livet: nøkler til leseglede og litterær kompetanse. Fagbokforlaget(LNU)                         

Lundberg, Ingvar og Katarina Herrlin (2008): God leseutvikling. Kartlegging og øvelser.

Cappelen Akademisk Forlag                                                                                                                 

Lyster, Solveig-Alma Halaas (2012): Elever med lese- og skrivevansker. Hva vet vi? Hva gjør vi?

Cappelen Damm Akademisk                                                                                                                  

Løvland, Anne (2007): På mange måtar: samansette tekstar i skolen. Fagbokforlaget (LNU)            

Maagerø, Eva og Elise Seip Tønnessen (2006): Å lese i alle fag. Universitetsforlaget                          

Roe, Astrid (2011): Lesedidaktikk: etter den første leseopplæringen. Universitetsforlaget 

I kompendium:

Arntzen, Ragnar og Ali Ludvigsen: «Å erobre lesekunsten på et andrespråk» (Ikke utgitt ennå)          

Elsness, Turid Fosby (2003): «Nytt årtusen - ny leseopplæring?» i Austad, Ingolv (red.):

Mening i tekst: Teorier og metoder i grunnleggende lese- og skriveopplæring.

Cappelen  Akademisk Forlag                                                                                                                

 Elsness, Turid Fosby (2004): «Staveutviklingen hos barn i alderen 7-8 år.» I Skardhamar, A.-K.:

Morsmål og skolestart, landskonferanse for norsklærere i utdanning. HiO                 

Frønes, Tove Stjern & Astrid Roe (2010): «Sakprosalesing i skolen» i Kirsten Kalleberg og

Astrid E. Kleiveland (red.): Sakprosa i skolen. Fagbokforlaget                                                       

Kulbrandstad, Lise (2003): «Å lese på andrespråket»Kap. 8 i Lesing i utvikling. Fagbokforlaget          

Penne, Sylvi (2001): «Å bli en som leser - en utviklingshistorie om lesing fra 6 til 16» i

Penne: Norsk som identitetsfag - norsklæreren i det moderne. Universitetsforlaget              

På internett:

Eva Maagerø: /Norsklæraren/, 2009. Nr 2, 2009, s 24-31. Sakprosa i skolen http://www.norskundervisning.no/images/stories/norsklaereren/nr0209/nl0209 maagerø.pdf.

Nyttig lesning ellers:

Bøyesen, L. (red.) (2009). Mangfold i språk og tekst. Universitetet i Stavanger: Lesesenteret. Oslo: Utdanningsdirektoratet (51 s). Heftet kan lastes ned her: http://lesesenteret.uis.no/kurs_og_boeker/skulte_dokumenter/article27600-2907.html

Hoel, Trude (red.) (2008). Gutter og lesing. Universitetet i Stavanger: Lesesenteret. Oslo: Utdanningsdirektoratet (50 s). Heftet kan lastes ned her: http://lesesenteret.uis.no/kurs_og_boeker/skulte_dokumenter/article27600-2907.html

Knivsberg, Ann-Mari og Ellen Heber (2009): Lese- og skrivevansker. Fra teori til IKT-baserte tiltak. Universitetet i Stavanger: Lesesenteret. Oslo: Utdanningsdirektoratet (54 s)

Mangen, Anne (red.) (2008). Lesing på skjerm. Universitetet i Stavanger: Lesesenteret. Oslo: Utdanningsdirektoratet (49 s).  Heftet kan lastes ned her: http://lesesenteret.uis.no/kurs_og_boeker/skulte_dokumenter/article27600-2907.html           

                          

Studiemodell

Høst 2012

Lesing for lærere i grunnskolen, videreutdanning

Vår 2013

Lesing for lærere i grunnskolen, videreutdanning

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 23. mai 2024 03:25:25