Programmet tar ikke opp nye studenter

Hva lærer du? (2017–2018)

Studiets læringsutbytte

Kunnskap:
Studenten har

  • inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
  • kunnskap om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • kunnskap om språklege endringsprosessar, i fortid og samtid, om normeringsspørsmål i moderne norsk og om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar
  • utvida kunnskap om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskap om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • litteraturhistorisk og litteraturteoretisk oversikt, kunnskap om sentrale verk i nordisk med særlig vekt på norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
  • kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

Ferdigheiter:
Studenten kan

  • organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
  • bruke kunnskap om talemål- og skriftspråknormering i skriveopplæringa
  • vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
  • leggje til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane 
  • rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • samanlikne tekstar skrivne for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
  • setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng

Generell kompetanse:
Studenten

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
  • har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
  • utviklar identiteten sin som norsklærar
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 7. juni 2024 03:25:08