Forskingsdagane 2026

Forskingsdagane 2026 er fra 16. til 25. september.

"Tillit er eit grunnleggjande sosialt fenomen som er viktig både i personlege interaksjonar og i samfunnsmessige strukturar. Tillit kan forståast som ei meir eller mindre medviten forventning om at andre menneske eller institusjonar vil handle på ein føreseieleg, ærleg og velmeinande måte» (Store norske leksikon). Tillit er ikkje konstant og kan endrast over tid.

I Noreg har vi gjennomgåande høg tillit til kvarandre og samfunnsinstitusjonane. Men vi kan ikkje ta tilliten for gitt. Dagens nyheitsbilete er prega av krig, konflikt og økonomisk uro. Kva gjer dette med tilliten?

Høsgulen i Østfold har sett saman eit variert program som viser korleis forsking frå høgskulen bidreg til å byggje trygge individ og samfunn, frå arbeidsplassar og skular til samfunnstryggleik og teknologiutvikling.

Her finn du noko for kvar smak, med presentasjonar tilpassa ulike målgrupper som viser korleis vår forsking skapar ny kunnskap og engasjement rundt dagens tryggleiksmessige utfordringar. Gjennom dette programmet ønskjer vi å dele med omverda korleis høgskulens forsking bidreg til å forstå og møte dei tryggleiksmessige dilemma vi står overfor i vår tid.

  • Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs forskingsråd
  • Alle typar forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar blir inviterte til å vise fram verksemda si for allmenta.
  • Festivalen har vore arrangert kvart år sidan 1995 og er ein av Europas store, landsdekkjande forskingsfestivalar.

Velkommen til årets Forskingsdagar!

Bestill en forsker

Høgskolen i Østfold tilbyr en smakebiter av forskning til næringsliv og offentlige aktører under Forskningsdagene. Velg et tema fra oversikten i lenken over og bestill en forsker til lunsj. 

Kontaktpersoner for Forskningsdagene

Bilde av Ann-Kristin Johansen
Seniorrådgiver
Bilde av Nina Skajaa Fredheim
Seniorrådgiver