Languages at the heart of learning

ECML, som er det europeiske senteret for (framand)språkopplæring i Graz, Austerrike, har lyst ut prosjektmidler for perioden 2016-2019. Overordna tema for prosjektperioden er sambandet mellom språklæring og læring, og innanfor dette temaet er det formulert i alt åtte prosjektforslag. Fire av disse forslaga er allereie ferdigformulerte, lukka prosjekter («closed project proposals»), dei andre prosjekta er haldne meir opne («open project proposals»).

Vi vil gjerne oppfordre deg som er språkdidaktikkforskar, språklærarutdannar eller erfaren språklærar til å sende inn ein søknad. Det er mogleg å søkje som enkeltperson (lukka prosjektforslag) eller som gruppe (opne prosjektforslag).

Tema for dei lukka prosjekta er:

  • Lærarutdanning for tidleg språklæring
  • Blomstrande læringsmiljø for framandspråklæring
  • Samarbeid mellom lærarar i språkfag og ikkje-språkfag
  • Utvikling av eit europeisk rammeverk for språklærarar

Tema for dei opne prosjekta er:

  • Inkluderande, fleirspråkleg og interkulturell opplæring i praksis
  • Læringsstiar: ei heilskapleg tilnærming til elevane si læring
  • Digital «literacy» og innovative læringsmiljø i lærarutdanninga
  • Profesjonelle læringssamfunn

For meir informasjon sjå ECML si nettside eller ta kontakt med info@fremmedspraksenteret.no

Workshop 1/2019

"Learning environments where modern languages flourish"

Dato: 7.-8. mars 2019

Les rapporten på fransk og norsk (pdf)

Workshop 4/2018

"A roadmap for schools to support the language(s) of schooling"

Dato: 15.-16. november 2018

Les rapporten på engelsk (pdf)

Workshop 3/2018

"Language for work Tools for professional development"

Dato: 23. - 24. oktober 2018

Les rapporten på engelsk (pdf)

Workshop 2/2018

"Towards a Common European Framework of Reference for language teachers"

Dato: 3. - 4. oktober 2018

Les rapporten på engelsk (pdf)

Workshop 1/2018

"Inspiring language learning and teaching in the early years"

Dato: 12. - 13. september 2018

Les rapporten på engelsk (pdf)

 

Workshop 1/2017

“Promoting excellence in sign language instruction”

Dato: 1. - 2. mars 2017

Les rapporten på norsk/engelsk (pdf)

Workshop 2/2016

"A quality assurance matrix for the use of the Common European Framework of Reference (CEFR)”

Dato: 15. - 16. november 2016

Les rapporten fra Eva Thue Vold på norsk (pdf)

Les rapporten fra Klara Sjo på norsk (pdf)

Workshop 1/2016

"Action research communities for language teachers”

Dato: 10. – 11. november 2016

Les rapport på norsk (pdf)

 

Publisert 19. feb. 2020 16:21 - Sist endret 9. nov. 2020 18:57