Fakultet for lærarutdanningar og språk har tilbudt studier i spesialpedagogikk i ei årrekkje. Då Spesialpedagogikk 1 gjekk frå klasseromsundervisning til undervisning på nett, opna det for langt fleire deltakarar. På eit år har studenttalet auka frå 9 til over 130.
Studentane kjem frå alle delar av landet, frå nord til sør og aust til vest. Mange kombinerer studiet med jobb i barnehage, skule eller andre pedagogiske yrke, og ser på kunnskapen som direkte relevant i kvardagen.
Cecilie Olandersson, instituttleiar.
30 basisgrupper
Med so mange studentar, var dei emneansvarlege spente før oppstarten.
– Det er veldig kjekt at so mange ønskjer å fordjupe seg i spesialpedagogikk. Samstundes er det ei utfordring å følgje opp so mange, særleg digitalt. Vi skulle gjerne hatt tid til at alle kunne presentere seg, men vi fekk likevel til både bli-kjent-aktivitetar og diskusjonar i mindre grupper, fortel faglærarane og førsteamanuensar Ingjerd Skafle og Line Børtveit. Dei er emneansvarlege for haustens emne.
Den første samlinga gjekk føre seg i Zoom, der studentane vart delte inn i heile 30 basisgrupper. Nokre små tekniske utfordringar dukka opp, men det meste fungerte fint.
– Studentane verka motiverte og engasjerte, og vi fekk raskt høyre at mange allereie hadde tankar og erfaringar å dele, seier læraranes, som gler seg til den vidare undervisninga.

Studentar frå heile landet
At studiet no er nettbasert, gjer at studentane kan følgje undervisninga uansett kvar dei bur.
- Tilbakemeldingane viser at studentane kjem frå alle delar av landet, frå nord til sør og aust til vest, seier instituttleiar Cecilie Olandersson. - Mange kombinerer studiet med jobb i barnehage, skule eller andre pedagogiske yrke, og ser på kunnskapen som direkte relevant i kvardagen.

Ein av studentane, Kine Elise Fossholm (46) frå Moss, peikar på at nettforma gjev større fleksibilitet:
– Det er positivt å kunne kombinere fleire studium. Samtidig blir læringa meir dynamisk når vi får jobbe i grupper under forelesningane.
Fossholm kombinerar jobb i ein barnehage med studium i spesialpedagogikk og bachelorutdanning i barnehagelærarutdanning på deltid, som ho også tar ved Høgskulen i Østfold.
Les meir:
- Studier i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Østfold:
- Alle nettstudier ved Høgskulen i Østfold - Nettstudier og meir!
- Barnehagelærarutdanning, heiltid (bachelorstudium, 180 studiepoeng)
- Barnehagelærarutdanning, deltid (bachelorstudium, 180 studiepoeng)