Østfold sterkt representert i arbeidet med ny rammeplan for lærarutdanningar

Østfold er godt representert i arbeidet med å utvikle ny felles nasjonal rammeplan for lærarutdanningar. Høgskulen i Østfold og regionen har sentrale posisjonar i arbeidet, til saman er heile seks Østfoldingar representert i ulike undergrupper. 

Biletet viser (f.v) Jonas Bakken, Cecilie Olandersson og Endre Brunstad.

Østfolding Jonas Bakken (t.v., UiO) og Cecilie Olandersson (midt, HiØ) presenterte arbeidet med ny nasjonal rammeplan for lærarutdanningar saman med Siw Skrøvset (ikkje avbilda). Sammen deltok de tre i ein paneldebatt leia av Endre Brunstad (t.h., UiB) ved nasjonal lektorutdanningskonferanse i november 2025.

Frå åtte til éin rammeplan for lærarutdanningar

Regjeringa har som mål å styre lærarutdanningane meir overordna, og satte i mars 2025 i gang ein prosess der målet er å gå frå åtte ulike rammeplanar til éin rammeplan for lærarutdanning. Nasjonalt råd for lærarutdanning (FRLU) fekk i oppdrag å utforme forslag til ein overordna del i rammeplanen, og denne hausten vart det oppretta åtte ulike arbeidsgrupper, som fekk i oppdrag å utvikle dei underliggande kapitla til rammeplanen. I arbeidet med underkapitla stiller Østfold sterkt.

- Dette er eit stort og viktig oppdrag, og det er ei ære å få bidra i arbeidet, saman med eit skikkeleg godt team lærarutdannarar, lærarar og studentar, sier instituttleiar Cecilie Olandersson. Ho leiar arbeidsgruppa som skriv fram forslag til lærarutdanning for trinn 8-10 i grunnskolen.

Olandersson er ikkje den einaste frå høgskolen som står sentralt i arbeidet. Også studieprogramleiar Lin Ramberg og grunnskolelærarstudent Samuel Seeland deltar i kvar sine underkapittel. I arbeidsgruppene sit også andre Østfoldingar. Rakkestad kommune er godt representert med både Liv Margrethe Fosserud og Morten Andre Vedahl, og Halden vidaregående skole er representert ved Sverre Magnus Heidenberg.

Lærarutdanningar tilpassa lokale forhold

Å gå for ei meir overordna styring nasjonalt, inneber eit større handlingsrom for universitet og høgskolar til å videreutvikle og tilpasse lærarutdanningar til lokale forhold.

- Det inneber at vi må stole på at institusjonane lagar gode lærarutdanningar, sier Siw Skrøvset, instituttleiar ved UiT - Norges Arktiske Universitet. Hun er leiar for Fagleg råd for lærarutdanning og leier arbeidet med den nye rammeplanen.

Både Olandersson og Skrøvset, sammen med Jonas Bakken, var med og presenterte arbeidet med den nye rammeplanen på Nasjonal lektorkonferanse som vart arrangert av Universitetet i Bergen no i november.

Les meir: 

Av Cecilie Olandersson
Publisert 25. nov. 2025 21:45 - Sist endret 6. feb. 2026 13:42