Språkdidaktikk

Om gruppa

Språkstudium utgjer en sentral del av studieporteføljen ved Høgskolen i Østfold, anten det dreier seg om framandspråk som engelsk, fransk, spansk, tysk eller norskfaget som både morsmål og andrespråk. Dei aller fleste som studerer språkfag ved HiØ skal seinare arbeide innan skuleverket, noko som gjer at språkdidaktikk er eit sentralt fagfelt som integrert del av lærarutdanningane 1-7 og 5-10, praktisk pedagogisk utdanning (PPU) eller som modular i dei disiplinorienterte fagstudia i språk. Masterstudiet Fremmedspråk i skolen (engelsk, fransk, tysk) har eit overordna fokus på språkdidaktikk i og med at studiet er meint for framtidige lektorar. HiØ har det største språkmiljøet blant høgskulane i Noreg, noko som var ein viktig faktor då Det nasjonale senteret for fremmedspråk i opplæringen ble etablert her i 2005.

Språkdidaktisk forsking og formidling er difor ein viktig del av verksemda til HiØ. Forskargruppa er etablert på tvers av avdelingane ØSS, som tilbyd reine språkstudium, og LU, som tilbyd ulike lærarutdanningsprogram. Avdelingane samarbeider om å tilby språklærarutdanningar på alle nivå og har nær kontakt med praksisskulane, noko som gjer det mogleg å hente empiriske data frå praksisfeltet. I samband med femårig masterutdanning for lærarar frå 2017 har dekanen valt å tilføre øyremerka satsingsmidlar for å styrke FoU innan engelsk språkdidaktikk generelt og begynnaropplæring spesielt.

Forskargruppa har på grunnlag av ein bokpublikasjon i framandspråksdidaktikk (2014) utvikla eit tett samarbeid med språkdidaktiske miljø ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, NTNU samt Høgskolen i Sørøst-Norge. Forskingsfokus består av ulike fagdidaktiske interesseområde som samsvarer med tendensar innan den internasjonale forskinga på området: fleirspråklegheit, tidlig start med framandspråk i skulen, vurdering for læring, digitale språklæringsarenaar, interkulturell kommunikasjon og ikkje minst verdien av metaperspektiv både på elevens læring og lærarens eigne haldningar til språklærarrolla.

Deltakere

Emneord: Språkdidaktikk, Språklæring, Språkundervisning, Språkforsking, Fremmedspråk, Engelsk, Fremmedspråksdidaktikk, Språkvitenskap, Flerspråklighet, Anvendt lingvistikk, SLA, Språk i skolen, Andrespråk, Andrespråksforsking
Publisert 13. apr. 2018 11:18 - Sist endret 23. mars 2023 11:04