Frå idé til ferdig masteroppgåve
Marianne Maugesten og Lin Ramberg starta dagen og gav studentane eit innblikk i prosessen og milepælane som ligg framføre dei, og fortalte korleis mastertorget kan være ein katalysator for forskningsprosjekta. Studentane var spesielt interessert i å vite når dei får rettleiar til masteroppgåva (i mai/juni), når prosjektskissa må være klar (15. oktober) og når det er lurt å samle inn data.
Entreprenørielle masterprosjekter
I eit entreprenørielt masterprosjekt bruker studentane eiga erfaring og forsking til å utvikle eit produkt, til dømes eit spel, ei lærarveiledning eller eit undervisningsopplegg, som kan brukast i eigen og andre si undervisning.
Marianne Maugesten, dosent i matematikk.
Eit av høgdepunkta i programmet var nyvinninga entreprenørielle masterprosjekt. Marianne Maugesten fortalte korleis innovasjon og skaparglede kan spele ei sentral rolle i lærarane si forsking og fagutvikling, og inspirerte studentane til å velge eit masterprosjekt som går ut på å skape eit didaktisk produkt som skal testast ut i skolen. Marianne utdypar kva eit entrepernørielt masterprosjekt er:
- I eit entreprenørielt masterprosjekt bruker studentane eiga erfaring og forsking til å utvikle eit produkt, til dømes eit spel, ei lærarveiledning eller eit undervisningsopplegg, som kan brukast i eigen og andre si undervisning, sier Marianne. - Studentane ser korleis produktet fungerer gjennom utprøving i skulen, og gjer i etterkant endringar i produktet, dersom det er behov for det.
Sjølve masteroppgåva består av tre delar: i) eit didaktisk produkt med ei brukarveiledning, ii) ein teoretisk del med blant anna argumentasjon for produktet og skildring av metode og til slutt iii) ein muntleg del, med diskusjon og refleksjon kring resultatet og prosessen.
Jobb jevnt og trutt
Eit populært innlegg på Mastertorget er at lærarar som nettopp er ferdig med masteroppgåva og studenter som er i gang med masteroppgåva deler sine erfaringar med studentar som er i sluttfasen eller snart skal i gong med skrivearbeidet.
Jobb jevnt og trutt, og ikkje ta på deg for mange andre arbeidsoppgåver i det siste semesteret.
Dina Braunstein og Karoline Bordbø, nyutdanna lærerar som har skrive masteroppgåve.
Dei nyutdanna lærarane Dina Braunstein og Karoline Nordbø fortalte om prosessen dei hadde i arbeidet med masteroppgåva. Dei fortalte korleis dei hadde arbeidd seg gjennom utfordringar og milepælar, og gav mange nyttige tips til studentane. Dina og Karoline skreiv masteroppgåve i norsk, og råda studentane til å jobbe jevnt og trutt, og ikkje ta på seg for mange andre arbeidsoppgåver det siste semesteret.
Forskning i klasserommet
Nima Khatari og Khais Etthad Mohammad er femteårsstudentar, og delte nyttige erfaringer frå klasseromsforskninga si med studentane i fjerde studieår. Saman med Matthias Solgaard Høye holdt dei eit engasjerande innlegg om korleis forskning i klasserommet kan bidra til betre undervisning – alltid med eleven i fokus. Matthias arbeider som lærar ved Haugeåsen ungdomsskule. Han testa ut undervisningopplegg i matematikk, som Nima og Khais hadde laga, på elevar ved sin skule. For å kunne studere korleis elevene kommuniserte med kvarandre i undervisninga tok studentene lydopptak og filma.
Posterpresentasjonar
Programmet for mastertorget var variert og spreidd over ein stor del av førsteetasje på campus Remmen. Det var både fellesøkter og parallelle sesjonar knytta til dei ulike faga ein kan ta master i, og ulike opplegg for studentane på fjerde og femte trinn.
Studentane på femte året i grunnskulelærarutdanningane presenterte masterprosjekta sine for studentane på fjerde studieåret. Presentasjonane vart holdt som posterpresentasjonar og parallelle sesjonar inndelt etter masterfaga; språk (engelsk og tysk), matematikk, norsk og profesjonsretta pedagogikk. Presentasjonane gav rom for mange faglege samtaler, tilbakemeldingar og nettverksbygging.
Blant dei mange studentane som holdt posterpresentasjoner fann vi Martha Sofie Thorstensen og Tale Marie Malstrøm Skullerud. Martha fortalte om det entreprenørielle masterprosjektet sitt, som handla om spelbasert læring i norskfaget. Ho har designa og testa ut eit undervisningsopplegg som tar i bruk gaming. Tale Marie Malmstrøm Skullerud løfta fram bærekraftsperspektivet i si analyse av lærebøker i engelskfaget, og har gjort seg spennende erfaringar med korleis lærarar, skular og kommunar tenker når dei velg læreverk.
Mastertorg i vrimleområdet
Dagen vart avslutta med eit torg av ulike stand i vrimleområdet. Der kunne studentene diskutere mulege tema for masteroppgåva med fagpersonar fra dei fleste faga i grunnskulelærarutdanningane. Lærarutdanningsskulane Gimle, Os, Hjortsberg, Rakkestad Ungdomsskule var representert på torget, samt Kruseløkka og Kråkerøy ungdomsskule. Alle stod klare til å diskutere idear med studentene og fortelje kva dei er opptekne av i skulen. Utdanningsforbundet og fleire forskingsgrupper hadde óg funne vegen til torget for å sparre med studentane.
På stand fant vi mellom anna Ilka Nagel og Sonja Nygaard-Joki, som representerte Den Digitale Læringsverkstaden (DLV). Dei fortalte om mogelegheitane DLV gjev studentane til å utforske læring i teknologirike klasserom:
- Studentene kan bruke teknologien på DLV i arbeidet med masteroppgåva. I tillegg kan vi på DLV og i fagmiljøet for IKT og Læring støtte studentene med både opplæring og veiledning undervegs, seier Sonja.
Mulighet for å ta doktorgrad
Mastertorget 2025 gav studentane ein inspirerande start på masterløpet og viste korleis forskningsbasert tilnærming kan styrke lærarrolla. Studentene i fjerde studieår syntest det var veldig interessant å høyre om masterprosjekta til studentane i femte studieår, og fekk mange gode råd og tips til arbeidet. Mange var spesielt nysgjerrige på dei entreprenørielle oppgåvene. Sjølv om det enno er tidleg i prosessen har fleire av studentane på fjerde trinn allereie funne idear til masterprosjekter, som dei skal drøfte med veiledarane sine i tida framover.
Ei mastergrad som ein får i grunnskulelærarutdanningane gjev óg grunnlag for å kunne søkje seg vidare på ei doktorgrad, etter fullført utdanning eller etter å ha jobba som lærar i skulen ei stund. Studentane på mastertorget fekk derfor óg ei kort innføring i Høgskulen i Østfold si eiga doktorgradsutdanninga - Digitalisering og samfunn.
Les mer: