Prosjektstøtte

Det er mogleg å søke om økonomiske middel til forskingsstøtte frå ELLA. Normalt lyser vi ut middel to gonger i året, ein gong på våren og ein gong på hausten. Midla kan brukast til større og mindre prosjekt med tilknyting til og relevans for ELLA-programmet.

I vurdering av søknadene ser vi på relevansen for ELLA-programmet og for eitt eller fleire av temaområda i ELLA. Vi ønsker ein balanse mellom breidde og moglegheiter for å styrke og vidareutvikle pågåande arbeid. Vi har som mål å styrke forskingsmiljøet på HiØ og oppmuntrar derfor spesielt til samhandling. Prosjekt som fører fram mot større søknader om eksterne middel, vil bli prioritert. Publikasjonsstøtte blir berre gitt til vitskaplege publikasjonar.

ELLAs vitskaplege leiing vurderer kvaliteten på alle søknader ut frå desse kriteria:

  • relevans for ELLA-programmets tematikk
  • originalitet og kor robust prosjektet framstår
  • betydning for forskingsmiljøet på HiØ
  • betydning for samfunnet generelt
  • kor presise/detaljerte planane for gjennomføring og organisering av prosjektet er
  • kor omfattande planane om publikasjonar og eksterne søknader er
  • budsjett:
  • Bruken av prosjektmiddel skal framstå som effektiv og formålstenleg, og tidsplanen for bruk av middel skal vere realistisk
  • Prosjektmidla skal framstå som nødvendige for å oppnå resultatet

Avgjerder om fordeling av middel blir tatt av den vitskaplege leiinga i ELLA (medlemma av leiinga vurderer ikkje søknader dei sjølve er involverte i) og kunngjort via e-post. Prosjekt som får støtte blir tildelt ein kontaktperson i ELLAs leiing som har ansvar for å følge opp prosjektarbeidet.

Prosjekter og tiltak med støtte fra ELLA:

Prosjekt/tiltak Søker År
Digitale praksiser i morsmålsfaget. Ph.d.-kurs. Jessica Hansen 2023
Of Ruin and Regeneration. Narratives of Hope and Despair. Antologi. Forskergruppa Litteratur og narrativitet 2023
"Mer glede med grammatikk". Lanseringsseminar for 1. bind av ELLA-tidsskriftet. Forskergruppa Lingvistikk i bruk 2023
Tilnærminger til språk i barnehagelivet. Antologi. Bente Ulla/Ann Sofi Larsen 2023
Reading and studying narratives of trauma, crisis and illness. Symposium. Natalia Igl 2023
Language, Communication and Mental Health in Neurodevelopmental Conditions Tamara Kalandadze 2023
Klasse(reise) og samtidslitteratur Eva Björk/Jutta Eschenbach 2023
Afro-europeiske og postmigrantiske perspektiver i samtidslitteraturen Natalie Igl/Elin Nesje Vestli 2023
Tekst, teori og terminologi på tvers av språk: Oversettelse, resepsjon og formidling av Maurice Merleau-Ponty i Norden Anje Müller Gjesdal 2023
Historiefortelling på tvers av kulturer Gunhild B.Bjørnstad/ Ragnhild Næsje 2023
Konferansestøtte: Svenskt nätverk för översättningsvetenskap Marcus Axelsson 2023
Language, Communication and Mental Health in Neurodevelopmental Conditions: Camouflaging in ADHD Tamara Kalandadze 2023
Publisert 8. nov. 2022 10:07 - Sist endret 8. apr. 2024 15:12