Prosjektstøtte

Det er mogleg å søke om økonomiske middel til FoU-støtte frå Språk i opplæringa. Normalt lyser vi ut middel to gonger i året, ein gong på våren og ein gong på hausten. Midla kan brukast til større og mindre prosjekt med tilknyting til og relevans for satsinga.

I vurdering av søknadene ser vi på relevansen for Språk i opplæringa og for eitt eller fleire av temaområda. Vi ønsker ein balanse mellom breidde og moglegheiter for å styrke og vidareutvikle pågåande arbeid. Vi har som mål å styrke forskings- og utdanningsmiljøet på HiØ og oppmuntrar derfor spesielt til samhandling. Prosjekt som fører fram mot større søknader om eksterne middel, vil bli prioritert. Publikasjonsstøtte blir berre gitt til vitskaplege publikasjonar.

Språk i opplæringas vitskaplege leiing vurderer kvaliteten på alle søknader ut frå desse kriteria:

  • relevans for satsingas tematikk
  • originalitet og kor robust prosjektet framstår
  • betydning for forskingsmiljøet på HiØ
  • betydning for samfunnet generelt
  • kor presise/detaljerte planane for gjennomføring og organisering av prosjektet er
  • kor omfattande planane om publikasjonar og eksterne søknader er
  • budsjett:
  • Bruken av prosjektmiddel skal framstå som effektiv og formålstenleg, og tidsplanen for bruk av middel skal vere realistisk.
  • Prosjektmidla skal framstå som nødvendige for å oppnå resultatet

Avgjerder om fordeling av middel blir tatt av den vitskaplege leiinga (medlemma av leiinga vurderer ikkje søknader dei sjølve er involverte i) og kunngjort via e-post. Prosjekt som får støtte blir tildelt ein kontaktperson i satsingas leiing som har ansvar for å følge opp prosjektarbeidet.

Prosjekter og tiltak med støtte fra Språk i opplæringa:

Prosjekt/tiltakSøkerÅr
AI and LiteratureSonja Nygaard-Joki, Anna Lindhé, Annika Mörte Alling, Melanie Duckworth, Johanna Wagner 2025
Cultivating Deep Reading in Higher Education: Students’ Engagement with Academic Texts with and without GenAIAnna Lindhé, Camilla Magnusson2025
TegnspråkteaterJessica Hansen2025
Hvilken litteratur etter et terrorangrep?Hélène Celdran, Franck Orban 2025
Flerspråklige lærlinger på pleiehjemMałgorzata Wild, Christina Berg Tveitan2025
Critical Medical Humanities in the Nordic CountriesHenrik Johnson2025
Konseptuelle teknikker og etablering av utforskende språkpraksiser for politisk og pedagogisk innovasjonAnne Beate Reinertsen, Anita Crisostomo, Elin Skjeklesæter 2025
Språk i samarbeid og forståelse mellom hjem og barnehageBente Ulla & Ann Sofi Larsen 2025
Fiksjonsfilm for kunnskapsutviklingKari Spernes, Camilla Häbler2025
H. C. Andersens forfatterskapBarbro Bredesen Opset2025
Multimodale språk i opplæringen Øystein Elle & Gunhild B. Bjørnstad 2024
Improving outcomes for children with Developmental Language Disorder (DLD) and Dyslexia in Norway Tamara Kalandaze2024
Languages in Vocational Education (LIVE)Mari Wikhaug Andersen2024
From Miklagard to Istanbul: Moving the SensesAnje Gjesdal & Elin N.Vestli & Natalia Igl2024
Muntlighet i fremmedspråkundervisningaAnja Pietzuch & Altijana Brkan2024
Human Translation: Fostering Sensory-driven awareness in Literary TranslationCecilia Alvstad2024
Digitale praksiser i morsmålsfaget. Ph.d.-kurs.Jessica Hansen2023
Of Ruin and Regeneration. Narratives of Hope and Despair. Antologi.Forskergruppa Litteratur og narrativitet2023
"Mer glede med grammatikk". Lanseringsseminar for 1. bind av ELLA-tidsskriftet.Forskergruppa Lingvistikk i bruk2023
Tilnærminger til språk i barnehagelivet. Antologi.Bente Ulla & Ann Sofi Larsen2023
Reading and studying narratives of trauma, crisis and illness. Symposium.Natalia Igl2023
Language, Communication and Mental Health in Neurodevelopmental ConditionsTamara Kalandadze2023
Klasse(reise) og samtidslitteraturEva Björk & Jutta Eschenbach2023
Afro-europeiske og postmigrantiske perspektiver i samtidslitteraturenNatalie Igl & Elin Nesje Vestli2023
Tekst, teori og terminologi på tvers av språk: Oversettelse, resepsjon og formidling av Maurice Merleau-Ponty i NordenAnje Müller Gjesdal2023
Historiefortelling på tvers av kulturerGunhild B.Bjørnstad & Ragnhild Næsje2023
Konferansestøtte: Svenskt nätverk för översättningsvetenskapMarcus Axelsson2023
Language, Communication and Mental Health in Neurodevelopmental Conditions: Camouflaging in ADHDTamara Kalandadze2023
Publisert 8. nov. 2022 10:07 - Sist endret 13. feb. 2026 09:43