Studentar utforska litteratur og berekraft i kreativ bingo

Korleis kan barne- og ungdomslitteratur opne for samtaler om klima, miljø, ulikskap og fellesskap i skulen? I Berekraftsveka 2026 fekk studentane på grunnskulelærarutdanninga på Remmen moglelegheit til å prøve eit leikent og fagleg spel som sette både lesekompetanse og berekraftskompetanse på prøve.

Kun for illustrasjon.

Eit utvalg bøker på berekraftsbingoen. Foto: Camilla Häbler.

I samband med Verdas bokdag i april har Nasjonalbiblioteket de siste åra invitert biblioteka i Noreg til å bli med på Bærekraftsveka i veke 17. Ved Høgskulen i Østfold arrangerte grunnskulelærarutdanninga ein drop in-aktivitet i biblioteket, med tittelen «Berekraftsbingo – match boka med målet». 

Opplegget tok utgangspunkt i Bærekraftsbiblioteket, som er ein digital ressurs og norsk versjon av FNs Sustainable Development Goals Book Club. Bærekraftsbiblioteket består av 17 boklister med barne- og ungdomslitteratur som belyser kvart av FNs berekraftsmål. Ressursen gjev lærarar inngangar til å arbeide med berekraftig utvikling, som er eitt av dei tre tverrfaglege temaene i læreplanen for grunnskulen.

Visuell presentasjon som vekte nysgjerrigheit

På ei stor magnettavle midt i biblioteket var alle dei 17 berekraftsmåla festa som fargerike ikon. I tillegg var det plassert over 30 bokkort med omslag henta frå Bærekraftsbiblioteket sine bøker på tavla. Studentene kunne kome når som helst i løpet av veka og utforske aktiviteten på eiga hand. Ein enkel instruksjon leia studentane gjennom berekraftsbingoen:

  1. Velg eit bokkort. Sjå på tittel og omslag.
  2. Velg eitt eller fleire berekraftsmål. Bruk ikona som er festa på magnettavla. Tenk: Kva berekraftsmål belyser boka – og eventuelt korleis?
  3. Match boka med målet. Fest bokkortet ved det målet du meiner passar best. Bruk fagkunnskap, intuisjon og kreativitet. Husk at ei bok kan belyse fleire mål.
  4. Reflekter kort: Kvifor valgte du dette målet? Kan boka også koblast til andre mål? Korleis kan du bruke boka i undervisning?
  5. Vil du utfordre deg sjølv? Prøv ei ny bok eller velg eit mål først og leit etter ei bok som passar.

Nokre av koblingane mellom bok og berekraftsmål var opplagde, mens andre krevde at ein tenkte nytt om kva litteratur kan formidle om samfunnsutfordringar, etikk, håp og handlekraft. Bingoen var dermed både engasjerande og tankevekkande.

Leiken fagligheit og nye perspektiv

Torsdag i Berekraftsveka var det Verdas bokdag. Denne dagen var Ragnhild Næsje og Camilla Häbler, som er faglærarar i norsk, tilgjengelege i biblioteket for å diskutere bøker og berekraftsmål og vise korleis slike aktivitetar kan brukast i klasserommet.

- Vi ønsker å vise at arbeid med litteratur i norskfaget kan vere både kreativt, leikent og fagleg solid, fortalte Ragnhild Næsje. 

- Når studentane koplar bøker til berekraftsmål, får dei erfare korleis skjønnlitteratur kan skape engasjement og forståing hos elevar, og korleis arbeid med litteratur kan bidra til kritisk tenkning, utfyller Camilla Häbler. 

Ei utstilling som inspirerte

Bingoen vart følgd av ei pop up-utstilling med bøker fra Bærekraftsbiblioteket. Her kunne studentane oppdage titlar dei kanskje ikkje hadde kjennskap til frå før og få idear til korleis Bærekraftsbiblioteket kan brukast som ein praktisk ressurs både i praksisperiodar og seinare i læraryrket.

Berekraftsbingoen vart dermed ikkje berre eit spel, men ein demonstrasjon av korleis litteraturdidaktisk arbeid kan gjere berekraftig utvikling engasjerande for elevar i alle aldrar. At bingoen vart lagt til biblioteket, var heller ikkje tilfeldig. Biblioteket representerer nettopp ein delingskultur, ein stad der ressursar kan delast, gjenbrukast og sirkulere, og der kunnskap og fellesskap er tilgjengeleg for alle uavhengig av bakgrunn. Ved å bruke biblioteket som arena vart ikkje berre Bærekraftsbiblioteket og litteraturen sitt potensial i berekraftsundervisning vist fram, men også biblioteket si rolle som ein møteplass der deling, læring og fellesskap står i sentrum, vart synleggjort.

Eksempel på bøker som vart brukte i berekraftsbingoen:

  • "Buffy By er talentfull. En selvbiografi" (2018) av Ingeborg Arvola. Cappelen Damm
  • "Alt skal brenne" (2019) av Sofia Nordin. Mangschou (oversatt)
  • "Steder å tisse" (2021) av Svein Nyhus. Gyldendal
  • "Barna i fabrikkbyen: arbeiderliv i Kristiania" (2024) av Kari Saanum. Orkana
  • "Klara og solen" (2022) av Kazuo Ishiguro. Cappelen Damm (oversatt)
  • "De afghanske sønnene" (2022) av Elin Persson. Gyldendal (oversatt)
  • "Dette dreper oss" (2021) av Tiger Garté. Vigmostad og Bjørke (oversatt)
  • "Embla. Kampen for fremtiden" (2022) av Arild Midthun og Bjørn Samset. Cappelen Damm
  • "Max Manus" (2024) av Andreas Iversen. Kagge

Viss du vil lese meir om arbeid med berekraftig utvikling i barnehage og skule, sjekk ut boka "Samarbeid for bærekraftig utvikling. Prosjekter i barnehage og skole", redigert av Marianne Maugesten og Kari Spernes (2025). I boka bidrar 22 forfattarar, dei fleste frå Høgskulen i Østfold, for å belyse temaet berekraftig utvikling gjennom samarbeid med praksisfeltet.

Les mer:

Bileta nedanfor er tekne av Camilla Häbler.

Av Camilla Häbler, Ragnhild Næsje og Irene Felde Olaussen
Publisert 5. mai 2026 15:23 - Sist endret 6. mai 2026 11:18