HiØ tildelt midlar til kommersialisering av forsking

Forskingsrådet si kommersialiseringsstøtte på omkring 700.000,- skal brukast til å styrkje arbeidet med å bringe forskingsresultat ut i marknaden. Dette er første gongen HiØ mottek slik støtte.

Søknaden til Forskingsrådet om kommersialiseringsmidlar vart utarbeidd av seniorrådgivar Anne Marthe Fosdahl Wium ved Seksjon for forskingsadministrasjon og prodekan Tore Gimse ved Fakultet for informasjonsteknologi, ingeniør og økonomi.

– Det er fleire døme der forskarar eller samarbeidsbedrifter har tent seg rike medan institusjonen har enda opp utan noko. Eller at gode idear aldri har kome utanfor institusjonen, seier Tore Gimse, prodekan ved Fakultet for informasjonsteknologi, ingeniør og økonomi.

Skal sikre verdiane i forskinga

Pengane skal brukast til å utvikle høgskulen sin såkalla TTO-funksjon (tidlegfase teknologioverføring). Dette inneber mellom anna å sikre ryddige avtalar med forskarar og samarbeidsbedrifter, samt handtere patent og lisensavtalar.

– Ved å bli meir proffe på dette feltet, sikrar høgskulen at meir forsking kjem til nytte, samstundes som vi får eit «lodd» i forskingsprosjekta som går føre seg på campus. Om noko lukkast kommersielt, kan inntektene til dømes brukast til å finansiere meir forsking, forklarar Gimse.

To prosjekt allereie i gang

I tillegg til TTO-midlane har HiØ nyleg fått tilslag på sine to første kvalifiseringsprosjekt frå Forskingsrådet. Desse blir leia av forskarane Thi Thuy Nga Dinh ved Institutt for informasjonsteknologi og kommunikasjon og Irina Engeness ved Institutt for språk, litteratur og kultur.

– Gjennom løyvinga skal HiØ styrkje sitt samfunnsoppdrag ved å bidra sterkare til at FoU-resultat kjem samarbeidspartnarar og samfunnet til gode. Dei to første prosjekta er allereie i gang, og TTO-funksjonen gir oss høve til å realisere fleire andre moglegheiter i tida framover, seier Gimse.

Viktig for regional utvikling

Prosjektet vil fokusere på å styrkje den eksisterande, interne TTO-funksjonen og utvide nettverket av samarbeidspartnarar. Dette kan få stor tyding for næringslivet i regionen.

– Noreg har solide forskingsmiljø med idear og resultat som har stort potensial for verdiskaping. Det er viktig for norsk konkurransekraft, sa dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel i ein kommentar under tildelinga.

Søknaden til Forskingsrådet om kommersialiseringsmidlar vart utarbeidd av prodekan Tore Gimse og seniorrådgivar Anne Marthe Fosdahl Wium ved Seksjon for forskingsadministrasjon.

Av Nina Fredheim
Publisert 13. feb. 2025 15:46 - Sist endret 13. feb. 2025 15:46