Programmet tar ikke opp nye studenter

Fakta om programmet

Studiepoeng:
30
Studiets varighet:
1 år
Undervisningsspråk:
Norsk
Studiested:
Halden

Studieplan for Norsk 1 (30 studiepoeng) (2011–2012)

Hva lærer du?

Grad/tittel ved bestått studium

Studiets læringsutbytte

KUNNSKAPAR
Studenten
- har brei kunnskap om relevante teoriar om lesing og leseopplæring
- har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing kan ha for elevars utvikling og læring
- har kunnskap om lesestrategiar
- har omfattande kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
- har god kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring
- kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
- kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har inngåande kjennskap til ungdomslitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- har kunnskap om barnelitteratur og nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar
- har brei kunnskap om relevante teoriar om skriving og skriveopplæring
- har kunnskap om dei ulike funksjonane skriving kan ha for elevars utvikling og læring
- har kunnskap om skrivestrategiar
- har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har innsikt i språkutvikling hos barn og unge som allereie har tileigna seg grunnleggande lese- og skriveferdigheiter
- har kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til andre nordiske språk og nasjonale minoritetsspråk
- har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk

FERDGHEITER
Studenten
- kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i leseopplæring frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar med bokmål som hovudmål og elevar med nynorsk som hovudmål
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og elevtekstar for å fremje læring
- kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan analysere, tolke og vurdere tekstar og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
- kan bruke varierte estetiske arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane
- kan samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskapar og kulturell bakgrunn hos mottakarane
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa, skape og vurdere digitale, samansette tekstar
- kan leggje til rette for at elevane får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag
- kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring og skriftforming frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med skriftlege tekstar
- kan kartleggje og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket

GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle ei kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktivt refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle ei kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktivt refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Opptak

Opptakskrav er generell studiekompetanse eller godkjent realkompetanse.

Oppbygging og gjennomføring

Studiets oppbygging og innhold

Studiet har to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna har desse hovudområda:

Norsk 101:

  • Lesing og leseopplæring
  • Litteratur og litteraturdidaktikk
  • Munnleg opplæring


Norsk 102:

  • Skriveopplæring og arbeid med elevtekster med vekt på 5.-10. trinn
  • Språket som system
  • Språkutvikling
  • Skriveopplæring med vekt på ungdomstrinnet
  • Sidemålsdidaktikk


Meir detaljert beskriving av innhaldet i emna går fram av emneplanane.

Se studiemodell under.

Organisering og læringsformer

Læringsformer
I studiet blir det lagt vekt på at studentane skal møte varierte arbeidsformer; forelesingar, faglege diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal ha ei utforskande tilnærming til faget og undervisninga i faget. IKT er integrert i studiet, som nyttar Fronter som læringsplattform.

Bibliotek
Biblioteket skal bidra til å auke studentanes informasjonskompetanse, det vil si evna til å søkje etter, finne, evaluere og bruke relevant faglig informasjon. I tillegg til personlig service, får studentane bibliotekundervisning der målsettinga er at dei skal kunne søkje i norske informasjonskjelder, ha kjennskap til internasjonale databasar og kunne vurdere kvalitet på informasjon. Det vil også bli undervist i referanseteknikk.

Arbeidskrav
Det er obligatoriske arbeidskrav til kvart emne, som går fram av emnebeskrivingane. Desse arbeidskrava må vere godkjende for å framstille seg til eksamen.

Internasjonalisering

Studier ved avdeling for lærerutdanning skal preges av at studentene ser fag og lærerarbeid i et internasjonalt perspektiv. Det innebærer at det legges til rette for kontakt med tilsvarende utdanningsinstitusjoner i andre land og for utveksling av lærere og studenter som ønsker å arbeide spesielt med internasjonale spørsmål knyttet til utdanning og læring.

I norskfaget blir det lagt vekt på det nordiske perspektivet.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning av god kvalitet er vi avhengig av at studentane gir tilbakemeldingar og at dei tar del i evaluering av studiane.

Studiekvalitetsutvalget ved HiØ gjennomfører årlig ei evaluering av studiekvaliteten ved eit utval av høgskolen sine studieprogram (EVA 2).

Det enkelte fagmiljø har ansvar for å etablere faste og allment kjende rutinar for evaluering på emnenivå (EVA 3). Se emneplanar for detaljer.

Tilbakemelding underveis

Studiet legger opp til et nært samarbeid mellom lærer og student hvor studentene gruppevis eller enkeltvis får tilbakemeldinger på egne arbeider eller veiledning vedrørende arbeidskrav m.m. For mer informasjon se emneplanane.

 

Vurdering

Arbeidskrav må vera godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i dei enkelte emna.

Studentane blir prøvd i begge målformer. Det er ikkje høve til fritak frå prøving i ei av målformene.

Det blir nytta bokstavkarakterar A-F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Studentar som får karakteren F, har ikkje bestått. Studiet har både munnlege og skriftlege eksamensformer. Eksamensform for dei enkelte emna er beskrive i emneplanane.

Litteratur

Se emneplanane

Jobb og videre studier

Dette studiet kan gå inn som ein del av allmennlærarutdanninga, som ein del av ein bachelorgrad, eller som vidareutdanning i norsk. Studiet kan f.eks. inngå i et forutgående utdanningsløp til praktisk-pedagogisk utdanning. For studentar som enten tek studiet som ein vidareutdanning, som del av eit årsstudium eller bachelorgrad, går Norsk 1 over to semester.

Studieplanen er godkjent og revidert

Studieplanen er godkjent

dekan Eystein Arntzen, 1. juli 2008

Studieplanen er revidert

Studieleder Kjersti Berggraf Jacobsen, 4. juli 2011

Studieplanen gjelder for

2011-2012

Studieprogramansvarlig

Fakultet for lærerutdanninger og språk
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 10. mai 2024 03:17:55