Fakta om programmet

Studiepoeng:
120
Studiets varighet:
2 år
Undervisningsspråk:
Se pkt. Undervisnings-, lærings- og vurderingsformer
Studiested:
Høgskolen i Østfold, studiestad Halden (Remmen).

Studieplan for Masterstudium i norsk i skolen, heltid (120 studiepoeng) (2018–2020)

Informasjon om studiet

Studiet kan takast som ei separat masterutdanning på 120 studiepoeng eller som ein del av grunnskolelærarutdanninga, som bygger på nasjonale retningslinjer for grunnskolelærarutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet i forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanningene for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn (20.01.2010) .

Studentar som har fått opptak til masterstudiet og har gjennomført tre år av fireårig Grunnskolelærarutdanning 1.-7. trinn eller Grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn etter rammeplanen av 2010, kan søke om å få dei første 60 studiepoenga i masterstudiet innpassa som det fjerde året i grunnskolelærarutdanninga (GLU). Studentar som tar det første året i masterstudiet som det fjerde året i lærarutdanninga, må samtidig følge aktuell studieplan for GLU og vil vere garantert praksisplass. Under føresetnad av at fagkombinasjonar og praksiskrav for GLU er godkjende, vil kandidaten få vitnemål som grunnskolelærar.

Etter greidd masterstudium vil kandidaten i tillegg få ein mastergrad.

Sjå meir informasjon under punktet Vidare utdanning og yrkesmoglegheiter.

Politiattest/barneomsorgsattest
Det blir ikkje stilt allmenne krav til innlevering av politiattest (barneomsorgsattest) på studiet. Dersom studenten vel oppgåver/prosjekt der ho/han kan komme i kontakt med særleg sårbare grupper, kan høgskolen likevel krevje at slik attest blir levert. Avklaring og eventuell levering av attest må skje før oppgåva/prosjektet begynner.

Hva lærer du?

Grad/tittel ved bestått studium

Gjennomført og greidd masterstudium gir rett til graden Master i norsk i skolen.

For studentar som også tar studiet som del av ei grunnskolelærarutdanning, sjå pkt. Informasjon om studiet og pkt. Praksis for meir informasjon.

Studiets læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om literacy, om utvikling av lesing, skriving og munnlege ferdigheiter, og om forholdet mellom munnleg og skriftleg språkbruk
  • har inngåande kunnskap om barn og unge sine tekstkulturar og om multimodalitet, og kunnskap om sentrale teoriar om skjønnlitterære tekster og sakprosatekster
  • har avansert kunnskap om fleirspråklegheit, minoritetsspråk og majoritetsspråk og norsk som andrespråk i skolen
  • har inngåande kunnskap om vitskaplege problemstillingar, forskingsteoriar og metodar i norskfaglege og norskdidaktiske spørsmål
  • har inngåande kunnskap om talespråksvariasjon og sosiolingvistisk teori, med utgangspunkt i språklege forhold i Noreg og Norden

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan vurdere og drøfte teoriar om språk, språklæring og fleirspråklegheit og relatere dette til språkleg variasjon i klasserommet
  • kan bruke teoriar om tekst og sjanger, identitet og danning i arbeid med å analysere og vurdere skriftlege, munnlege og multimodale tekster
  • kan gjennomføre eit eige forskingsprosjekt i tråd med forskingsetiske retningslinjer og skrive vitskapleg innanfor norskfaglege og norskdidaktiske rammer
  • kan kritisk vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder til å strukturere og formulere faglege resonnement

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan reflektere teoribasert og kritisk over norskundervisning, over rolla som norsklærar og sjølv bidra til nytenking og vidareutvikling av fagfeltet
  • kan delta i norskfaglege og norskdidaktiske diskursar med fagleg tyngd, og kan kommunisere med både fagspesialistar, lærarar, foreldre og allmenta om faglege spørsmål
  • meistrar akademisk skriving på nynorsk og bokmål

Opptak

Minstekrav for opptak er ett av følgende:

1) Bachelor eller tilsvarende utdanning på minimum 180 studiepoeng,
og inkludert eller i tillegg en fordypning på minimum 80 studiepoeng i norsk/nordisk språk og litteratur, norskdidaktikk eller norsk som andrespråk.

eller

2) Bestått de første tre årene av fireårig grunnskole-/allmennlærerutdanning, eller annen lærerutdanning rettet mot skole på minimum 180 studiepoeng,
og inkludert eller i tillegg 60 studiepoeng i norsk/nordisk språk og litteratur, norskdidaktikk eller norsk som andrespråk.

Det er krav om karakteren C eller bedre i gjennomsnitt fra fordypningen i norsk/nordisk språk og litteratur, norskdidaktikk eller norsk som andrespråk.

Oppbygging og gjennomføring

Studiets oppbygging og innhold

Masterstudium i norsk i skolen består av fem obligatoriske emne på 15 studiepoeng kvar, i tillegg til ei avsluttande masteroppgåve på 45 studiepoeng:

-        NOR401 Lesing, skriving og munnlegheit
-        NOR402 Vitskapsteori og forskingsmetode
-        NOR403 Språk og samfunn
-        NOR404 Fleirspråklegheit
-        NOR405 Tekst og tekstkulturar
-        NOR406 Masteroppgåve 

Plasseringa av dei ulike emna i studieløpet kjem fram av tabellane nedanfor. Sjå under punktet Studiemodell.

Den overordna profilen til studiet er språkleg variasjon i klasserommet. Dei sentrale faglege områda som studiet vil dekke, er literacy, fleirspråklegheit og talemålsvariasjon. Vi studerer talespråksvariasjon både i og mellom ulike språk og dialektar, vi studerer skriftspråkleg variasjon gjennom ulike teksttypar og tekstkulturar, og vi studerer forholdet mellom tale og skrift.

Dei tre hovudområda rommar viktige kunnskapar og ferdigheiter kvar for seg, men kan også gi synergiar i kombinasjon. Seinare forsking peikar nokså eintydig i retning av at språkleg mangfald er eit gode og ein ressurs for språkbrukaren, blant anna at det kan ha god effekt på utviklinga av ferdigheiter i lesing, skriving og munnlegheit.

Skjønnlitteraturen i studiet vil vere tematisk knytt til den språklege hovudprofilen. Vi vil i liten grad komme inn på språkhistorie og litteraturhistorie, men tekst har ein sentral plass, og dermed dekker studiet store delar av skolefaget norsk. Som masterstudium vil studiet også vere ein del av forskingsfaget norsk/nordisk. Det vil vere ei gjennomgåande vitskapleg og kritisk tilnærming til stoffet, og djupdykk i sentrale teoriar og problemstillingar innanfor dei faglege hovudområda i studiet.  

I emnet NOR401 Lesing, skriving og munnlegheit, vil literacy-omgrepet bli drøfta, og utvikling av og arbeid med dei tre språklege ferdigheitene står sentralt. Emnet dannar eit viktig grunnlag for andre emne i studiet.

Emnet NOR402 Vitskapsteori og forskingsmetode behandlar både generelle og meir fagspesifikke vitskapsteoretiske og metodiske spørsmål.

I emnet NOR403 Språk og samfunn vil talespråksvariasjon og språkhaldningar bli sett i eit regionalt og i eit større, nordisk perspektiv. Emnet gir avansert kunnskap om sosiolingvistisk teori, med spesielt fokus på identitet og stad.

Emnet NOR404 Fleirspråklegheit omhandlar fleirspråklegheit og andrespråksutvikling. Ulike typar fleirspråklegheit og korleis språkleg mangfald kan vere ein ressurs i klasserommet, vil bli tematisert. I emnet får studentane avansert teoretisk kunnskap som kan brukast til å analysere munnlege og skriftlege tekster av barn og unge som har norsk som andrespråk.

I emnet NOR405 Tekst og tekstkulturar står analyse av tekst i ulike sjangrar og medium sentralt. Skjønnlitteraturen i dette emnet er tematisk knytt til kulturmøte, fleirspråklegheit og språk og identitet.

Masteroppgåva (NOR406) er på 45 studiepoeng og skal vere eit sjølvstendig, individuelt, skriftleg arbeid. Oppgåva skal ha ei vitskapleg tilnærming til eit norskfagleg emne med relevans for arbeidet som norsklærar. Ho inneber arbeid med ei avgrensa problemstilling og gir rom for teoretisk og metodisk fordjuping. Tema for oppgåva blir valt i samråd med rettleiar.

Ein må ha fullført NOR401 Lesing, skriving og munnlegheit før ein begynner på NOR405 Tekst og tekstkulturar. Alle dei fem første emna i Masterstudium i norsk i skolen må vere greidd før masteroppgåva kan leverast til vurdering. Studiemodellen under viser progresjonen i studiet for heiltid.

Skoleperspektivet i studiet inneber at vi nokre gonger tilnærmar oss stoffet i lys av enkeltelevar og andre gonger i lys av miljøet rundt dei, og forholdet mellom dei ulike perspektiva kan variere etter tema. I nokre emne er individperspektivet tydelegast (t.d. NOR404), mens samfunnsperspektivet er det overordna i NOR403. Innanfor nokre tema vil dei to tilnærmingsmåtane henge spesielt tett saman (t.d. i NOR405).

Undervisnings-, lærings- og vurderingsformer

Undervisning og arbeidsformer
Studiet er lagt opp slik at heiltidsstudentar har undervisning på 2-dagarssamlingar om lag annakvar veke. Dei vekene det ikkje er undervisning vil vi legge opp til aktivitetar via læringsplattformer på nett og/eller kollokviearbeid for studentane på campus eller digitalt. Totalt blir det forventa eit arbeidsomfang på ca. 400 timar per 15 studiepoeng

Det blir lagt vekt på at fagstoffet og arbeidsmåtane skal gi studentane avansert innsikt som kan legge grunnlag for å utvikle god undervisningspraksis og evne til å bidra med vidareutvikling av norskfaget i skolen. Studiet vil innehalde varierte og studentaktive arbeidsformer, blant anna forelesingar, gruppearbeid og plenumsdiskusjonar, munnlege presentasjonar, små og større skriveoppgåver med ulike typar respons og feltarbeid eller analysar av ulike typar datamateriale. Sjølvstudium og arbeid i kollokvium er også sentrale arbeidsformer.

Arbeidskrav
Alle emna har skriftlege og/eller munnlege arbeidskrav som må vere godkjende av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Sjå emneplanane for detaljar. I samband med dei skriftlege arbeidskrava vil det bli arbeidd kontinuerleg med akademisk skriving og ulike vitskaplege sjangrar.

Undervisninga vil primært foregå på norsk eller andre skandinaviske språk.

Tilbakemelding undervegs
Det blir gitt tilbakemelding på skriftlege og munnlege arbeidskrav på alle emna frå lærar og/eller medstudentar. I samband med masteroppgåva blir det også gitt inntil 15 timar rettleiing. Eit minimum med rettleiing på masteroppgåva er obligatorisk, sjå emnebeskrivinga.

Elles blir det gjennom heile studiet lagt opp til tett samarbeid studentane imellom og mellom studentar og lærarar, både i og utanfor undervisninga. Tilbakemelding på ulike typar arbeid vil vere ein del av dette samarbeidet.

Vurdering
For alle emna er det eitt eller fleire arbeidskrav som må vere godkjende av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Gjennom studiet er det ulike eksamensformer, både munnlege og skriftlege, men alle individuelle. Sjå under beskrivinga av dei ulike emna. Eksamen blir vurdert på skalaen A-F, der A er best og E dårlegast. F er ikkje bestått. Alle emna blir sensurert av intern og ekstern sensor.

Målform på skriftlege eksamenar og arbeidskrav er bokmål eller nynorsk. Dette er spesifisert i emnebeskrivingane.

Plagiatkontroll
Alle skriftlege arbeidskrav og eksamenssvar kan bli plagiatkontrollert. Masteroppgåver skal til elektronisk plagiatkontroll. Plagiering og avskrift av faglitteratur og andre skriftlege arbeid utan korrekt bruk av referansar/kjelder vil bli vurdert som forsøk på fusk. Sjå også forskrift om eksamen og studierett ved Høgskolen i Østfold.

Praksis

Det er ikkje obligatorisk praksis i masterstudiet.

Grunnskolelærarstudentar som søker seg over på masterstudiet etter tredje studieår, og som ønsker vitnemål som grunnskolelærar i tillegg til ein mastergrad, skal gjennomføre den praksisen dei manglar for å oppfylle kravet om rettleidd praksis i rammeplanen for GLU 1.-7. trinn eller GLU 5.-10. trinn. Denne praksisen skal normalt gjennomførast i løpet av det første året på masterstudiet, og studentane vil da vere sikra praksisplass.

Forsknings- og utviklingsarbeid

Studiet er knytt nært opp mot forskingsprosjekt og forskargrupper ved Avdeling for lærarutdanning, fagseksjon for norsk, og det er eit mål at alle studentar på studiet skal dra nytte av dette. Dette kan vere gjennom observasjonar av feltarbeid, deltaking på lokale vitskaplege konferansar og seminar, bruk av relevant datamateriale som allereie er samla inn, eller faglege diskusjonar med andre deltakarar i forskingsprosjekta.

I løpet av studiet skal studentane også gjennomføre eige forskingsarbeid, først og fremst i masteroppgåva.

Internasjonalisering

Det internasjonale aspektet vil også bli tatt vare på med nordisk og internasjonal litteratur på pensum, utanlandske gjesteforelesarar og tilbod om studieturar. Komparative perspektiv står sentralt, aller mest innanfor tema som fleirspråklegheit og internordisk språkforståing.

Enkeltemne på Masterstudium i norsk i skolen er opne for innvekslingsstudentar som oppfyller minstekrava til opptak. Dei mest aktuelle emna er NOR402 Vitskapsteori og forskingsmetode (15 studiepoeng) og NOR404 Fleirspråklegheit (15 studiepoeng), som begge går i vårsemesteret.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning med god kvalitet, er vi avhengige av tilbakemeldingar frå studentane, og at studentane deltar i evaluering av studia. Dette studieprogrammet blir jamleg evaluert for å sikre og utvikle kvaliteten i programmet:

NOKUT gjennomfører kvart år ei nasjonal studentundersøking blant 2. årsstudentar på alle bachelor- og masterprogram, i regi av NOKUT (nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen). Resultata frå undersøkinga blir pulibsert i portalen Studiebarometeret.no.

Høgskolen gjennomfører periodisk programeveluering av studieprogram.

Kvart enkelt fagmiljø har ansvar for å etablere faste og allment kjende evalueringsrutinar på emnenivå (kalla EVA 3). Sjå emnebeskrivingane for detaljar.

Litteratur

Litteraturen er på norsk, engelsk, svensk og dansk.

I enkelte emne er det lagt opp til eit valfritt pensum, som kan vere spesielt knytt til det skoletrinnet studenten rettar seg inn mot etter avslutta studium.

Sjå elles omtala av dei ulike emna i studieprogrammet.

Litteraturlister som er publiserte for emne fram i tid, kan bli oppdaterte før kvart semester. Oppdatert litteraturliste vil vere tilgjengeleg i emnebeskrivinga ved semesterstart.

Studieopphold i utlandet

Høgskolen i Østfold har utvekslingsavtalar med Göteborgs universitet, Sverige, og Pädagogische Hochschule Heidelberg, Tyskland.

For heiltidsstudentar er det lagt opp til mogleg utanlandsopphald i 2. semester, primært til eit nordiskspråkleg studieprogram. Det er også mogleg å gjere deler av masteroppgåva hos ein partnarinstitusjon. Kontakt studieleiar for meir informasjon.

Emnet/emna som studenten ønsker å følge under utanlandsopphald, skal godkjennast på førehand for innpassing i studieprogrammet.

Jobb og videre studier

Masterstudiet Norsk i skolen er primært retta mot arbeid som norsklærar i grunnskolen (1.-10. trinn), men studiet er relevant for norskundervisning i heile grunnopplæringa (1.-13. trinn), og i andre yrke med behov for tilsvarande kompetanse.   

Kandidatar som både har godkjend lærarutdanning og godkjend mastergrad, kan få tittelen lektor.

Oppnådd mastergrad vil også kunne kvalifisere for vidare studium til doktorgrad ved til dømes ph.d. i utdanningsvitenskap for lærerutdanning ved OsloMet eller ph.d. i profesjonsrettete lærerutdanningsfag ved Høgskolen i Innlandet.

Studieplanen er godkjent og revidert

Studieplanen er godkjent

Studiet er akkreditert av Nasjonalt råd for kvalitet i utdanningen (NOKUT), 11.02.2016. Studieplanen er godkjend av dekan Unni Hagen, Avdeling for lærarutdanning, 09.01.2017.

Studieplanen er revidert

Dekan Kjersti Berggraf Jacobsen, 8. februar 2018

Studieplanen gjelder for

Haust 2018

Studieprogramansvarlig

Fakultet for lærerutdanninger og språk.
Førsteamanuensis Åshild Søfteland, Avdeling for lærerutdanning
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 4. mai 2024 03:23:53