Grunnskolelærerutdanning 5-10 ved Marino Institute of Education Dublin, Irland (vår 2025)

Erasmus+ utvekslingsstudent Huda Mohammed Nuur: Ei oppleving, som eg kjem aldri til å
gløyme!

Under utvekslingsopphaldet mitt, har eg fått både ein stor utbytte av fagleg, sosialt, og
personleg utvikling. Sjølv om MIE (Marino Institute of Education), er relativt ein liten
institusjon, med tilknyting til Trinity College, er det mykje relevant fag knyta til
lærarutdanning. Sidan skulen utdanna mest lærarar, frå barnehage til grunnskule.

Vår semesteret var vi 3 Erasmus-studentar, meg og 2 frå Spania, i tillegg til 2 amerikanske studentar på Marino. Vi blei kjent med kvarandre gjennom introduksjonsveka. De første dagane gjekk veldig mykje på fag og timeplan. Vi fekk høyre historien til skulen og fekk campus omvisning, samt informasjonshefte, fylt med nyttig informasjon og råd til utvekslingsstudentar. Våre kontaktperson var Joan og Sylvia.

Bustad

Bu forhald i Dublin er by der fleste oppleve boligkrise, dermed anbefale å vere på venteliste til studentbolig på campus ganske tidleg om du skal studere til våren. Dei fleste privateaktørar som hadde studentbolig, Freshliving, Aparto Student, Yugo osv. var fulle tidleg. Eg personleg var på venteliste ganske tidleg, for å unngå å bu i hotell. Eg kom til Dublin den 29 desember av ulike grunnar; tenkte at det er hyggeleg å feire nye året på eit ukjent land og det var utroleg koseleg. Resepsjonen til studentboligene var på feire frå 22 desember til 2 januar, dermed fekk eg sjekke inn den 2 januar.

Skulen og studiet, samt fagleg relevant

I Noreg får ein meir studiepoeng i enkelt fag, her er det mange små emne med 2.5, 5 og 10 studiepoeng. Sidan eg trengte 30 ECTS (studiepoeng), tok eg seks forskjelleg emne med ulike studiepoeng. På Marino, kvar enkelt emne hadde varigheit på ca. 60 minuttar altså 1 timar undervisning, på emne med 5 eller mindre studiepoeng og ca. 120 minuttar 2 timar undervisning på emne med 10 studiepoeng.

  • ED8107: Language, Literacy & Literature 1 (English) (Marino Institute of Education) 2.5 ECTS
  • ED8207: Language, Literacy & Literature 2 (English) (Marino Institute of Education) 2.5 ECTS
  • ED8112: Equality Studies (Marino Institute of Education) 5 ECTS
  • ES8105: Technology, Teaching and Learning (Marino Institute of Education) 5 ECTS
  • ES8109: Special Educational Needs I (Marino Institute of Education) 5 ECTS
  • ES8203: Curriculum and Programme Design and Development (Marino Institute of Education) 10 ECTS

De flest av faga er rimleg greie og lærarrikt, som passar for nokon om dei er interessert
innanfor ulike fagleg område innanfor litteratur, spesialpedagogikk og samfunnsfagleg fag. Før eg reiste hadde eg fått forhand godkjent på fleire av emne av Høgskulen i Østfold, men eg blei nødvendig å gjere endring for at timeplanen skulle gå, og at ingen av emneplan skulle krasje. Det fekk eg godt oppfølging og hjelp av Marino Instituet of Education.

Når det gjelde skulesystem med Marino og Dublin, så må det vere mangfaldet av fag på
skulen. Når man få innvilge fag frå grunnskulelærar er relativt unik med å samanlikne med Noreg. Barn Early Childhood er frivillig frå 3-5 år, men i Primary School frå 4-5 til 12 år (1.-6. klasse), blir fokus på grunnleggande ferdigheiter, som engelsk, irsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Også er det ungdomsskule som er delt i to nivå: Junior Cycle frå 12-15 (3 års) der eleven avsluttast med Junior Certificate, også er det Senior Cycle (2-3 år) som avsluttast med Leaving Certificate, som avgjer tilgang til høgare utdanning. 

Vi lærte skulesystemet og irsk historien frå Joan frå internasjonalkontoret/education office, korleis skulesystemet er, særleg at de skal få ny læreplan. Du kan lese meir om skulesystem og læreplan her 

Å bu i hovudstaden, Dublin

Hovudstaden er som typisk andre, men annleis på mange forskjellege måtar. Byen tilbyr mykje, uansett om ein er glad i uteliv, ein veldig rik og interessant historie og spennande attraksjonar. Eg var på mange musser, ein del konsertar, teater førestilling, Rugby-kamp og i dyrepark, som er ikkje langt unna City Center.



Ein merke små ting, som visar den irske kulturen best i at de er imøtekommande menneske, trubadurmusikk og allsong på mange pub med lokalbefolkning, variert lokal mat og drikke, og ein del augeblikkane med craic.

Å utveksle på våren, får du deltatt på nasjonaldagen i Irland, Saint Patricks Day, der du får beste oppleving av nasjonaldagen med å sjå på paraden og nyte atmosfæren i gatene. 

Transport og reis ut av storbyen!

Sjølv om Dublin er storby med mykje historiske sted, kan ein start for ny reise til andre steder i landet. Det er utroleg enkelt å reise med lokaltog i Irland, les meir her om Irish Rail. Betaling måte til for offentleg transport er TFI Leap-Card er mest nyttig og brukbar kortet du skal bruk for TFI bus, Luas, og Rail. Du kan kjøpe kortet med å fylle pengar på butikkar som Spar, men anbefale å bestille student Leap Card, som er billigare på prisen. Du kan lese meir om TFI Leap her. 



Du kan dra til ulike byar i Irland med enkelt student billett til Galways, ein fantastisk by fylt med historie, musikk, og fargar. Ein annan tur kan ein reise til sjarmerande kystnær by Cork med enten busstur eller lokaltog.

Med Expressway, kan du reise med busstur til Donegal ein av mest tradisjonsrik og eventyrleg by. Om Expressway kan du lese meir her.

Med ca. 10-20 min gåing kan du ende opp i Donegal Craft Village utanfor Donegal Town, som er ein av finaste og naturskjønne er kjend knutepunkt for moderne kunst og handverk. Du finnar lokale kunstnarar i arbeid med glas, keramikk, smykke, tova og meir, og ein fin koseleg Aroma-kafeen med heimelaga bakeverk, som er samla rundt ei sjarmerande borggård. Om Donegal Craft Village, kan du lese meir her.

Om du skal til Belfast, hovudstaden i Nord-Irland, då tar du tog frå Connolly Train Station, som er ca. 10 min unna frå City Center. Toget er Translink, som er eit togselskap for mest av Nord-Irland og Storbritannia. Du kan lese meir om Translink her.

Ein annan anbefaling er Paddywagon, eit selskap som arrangere ulike bussturar i Irland og Nord-Irland. Prisane er rimelege, men det er spør kor og kva for turar ønske du å bli med. Du kan lese meir om Paddywagon her.

Elles er det alltid andre byar ein kan dra åleine eller med vennar. Ein del av mine turar var solotur til mesteparten av byane i Irland.

Sosialt og anbefaling

I starten kan det vere litt skummelt, men det går fort med ein gong du prøve å «kaste deg ut» av din komfortsone. Anbefale å bruke tid med andre medstudentar og de andre
utvekslingsstudentane. Og sidan Marino er ein del av Trinity College kan ein få mogelegheit til å delta på aktivitetar. Eg personleg deltok og meldte meg på Marino si Art Society, der ein blir kjent med studentar i Marino. Eg blei også kjent med andre studentar i studentkollektivet, som tilhøyrar til annan program, Trinity International Foundation Program, som er 1 åring program for ikkje EU-studentar. Elles er det mange mogelegheiter på pubar slik som quiz, bingo, dragshow, stand up og karaoke.

Trenger du ein pause frå livet i storby, vil eg anbefale ein kort tur med Dart, altså lokaltog til Howth, ligger nord for byen, botaniske hagen og dyreparken i Dublin. Rundt Saint Patrick’s Week får ein smakbit på irisk kultur med ein tur saman med Marino studentar. 

Mitt utbytte og mine tips

Eg har hatt stort utbytte av utvekslingsopphaldet, både fagleg og personleg. Ein får eit annet innblikk i eit annet land med eit annleis skulesystem. I tillegg lærer ein om faktorar som påverke skulesystemet i landet og historikken, noko som ga meg eit nytt perspektiv på mi utdanning som lærar.



Opphaldet har bidrege positivt til mi personleg utvikling; det å gå ut av konfortsona, utvikle sjølvtillit til å klare seg åleine i ulike situasjonar. Eg har og blitt meir nysgjerrig til å utforske og auka evne til problemløysing, samt har fått auka studiemotivasjon etter at eg kom heim.

Eg tipsar alle til å reise på utveksling; det er ei unik mogelegheit eg vil tilråde alle å gripe! I tillegg bør ein prøve på noko nytt i livet, vere meir sosialt, bli kjent med andre menneske, og ikkje minst prøv å ta kontakt med andre studentar i gruppa som heiter 'Nordmenn i Dublin'. Der finn du andre studentar frå ulike universitet eller høgskule, som skal på utveksling same semester som du. Anbefala også å melde seg på ANSA Irland, der ein får vere med ulike arrangement, turar, og feire 17. mai med studentar i Irland.

Nyttig appar:

  • Circuit er betalingsmåte til å vaske og tørke kler på vaskerom
  • MeetUp er nyttig om du ønske å vere med på ulike arrangement der du møte ulike menneske frå andre land
  • Leap Top-up – fylle på kortet eller kan ein betale mynter på bussen. Husk man får ikkje tilbake veksle på bussane!
  • Translink (for å sjekke timetable)
  • Irish rail
  • Moodle – Marino brukar denne og ikkje Canvas
  • Daft.ie – liknar veldig på finn.no om ein ikkje fant studentbolig

Kontakt med meg viss du har spørsmål om Marino som skule å studere eller Dublin som by å bu i!

Masse lykke til med reisen!

Publisert 18. aug. 2025 11:52 - Sist endret 18. aug. 2025 11:57