Sykepleiestudent på Madeira (H23)

Tore L. Njaa forteller om sitt praksisopphold på Madeira.

Klipper og hav. Foto

 

Bosted og kollektivtransport

Veggmaleri av sel. FotoEin har moglegheita til å bu på vertsskulen for ein billig peng. Skulen ligg eit stykke frå sentrum som kan gjera det utfordrande å delta på sosiale arrangement. Tidlegare studentar anbefalte også å leiga privat, så det gjorde eg. Eg leigde ein studio-leilegheit i sentrum av Funchal gjennom nettsida idealista.com. Utleigaren var hyggeleg og ringte meg på forhand for å visa leilegheita. Eg snakka med fleire andre Erasmus studentar som hadde blitt lurt til å betala depositum utan å ha ein leigekontrakt. Då dei kom til Funchal hadde dei ikkje kontakt med utleigaren. Dei endte med å ikkje ha ein plass å overnatta og måtte booka hotell.

 

Sosialt

Tunnell med folk. Foto.Det er ein stor Eramsus + gruppe på watsapp som arrangerer aktivitetar for ein kvar smak. Det var aktivitetar som blandt anna canyoning, fjellturar, volleyball, solnedgangturar og surfing. Gruppa er stor så ein får møtt mange nye. Det er også ei whatsapp gruppe som heiter Madeira Friends. Denne gruppa er også fin for å møte andre tilflyttarar. Denne gruppa arrangerer blandt anna fester, hang-outs, fjellturer, båtturer og fast utetrening på laurdagar.

Praksis

Den fyrste delen av praksisen min var eg i Bom Jesus. Bom Jesus er eit helsesenter der ein har planlagde og ikkje planlagde konsultasjonstimar med pasientar frå Funchal. Dei fleste som kjem inn har ein familielege i helsesenteret. Det er noko som kan minna fastlegeordninga i Noreg. Dei har også ein avdeling for meir akutte hendingar. Her kjem personar inn med forskjellige plagar og mindre akutte problem. Dette liknar noko på legevakta i Noreg. Bom Jesus har også ein heimesjukepleie-funksjon. Dei held auga med og gir behandling til pasientar som ikkje er gode nok til beins til å komma til Bom Jesus. I tida mi i Bom Jesus fekk eg hospitere i alle avdelingane i helsesenteret, noko som gav ein god forståing av helsevesenet på Madeira.

 

Sengepost. FotoDen andre delen av praksisperioden min var eg i ein døgnbemanna sengepost for rehabilitering. Avdelinga ligg på senteret Jão de Almada som ligg rett ved sida av skulen. Det var interessant å vera på sengepost ettersom ein fekk kommunisera meir med pasientar og følga opp treninga deira. Treninga føregjekk med sjukepleiarar som har spesialisering innan rehabilitering. Eg fekk læra om rehabilitering av forskjellige sjukdomar og øva på diverse prosedyrar. Eg hospiterte to dagar på avdeling for palliativ helse som også ligg på Jão de Almada. Avdelinga for palliativ helse har både ein sengepost samt ein ambulerande funksjon. Det var interessant å sjå korleis dei tilrettelegg for pasientar i heimen deira. Dei ansette på Jão de Almada var veldig inkluderende og ønska å kommunisera med meg til tross for språkbarrieren.

Tips og triks
  • Bustad: Leig gjennom idialista.com eller airbnb. Få ein kontrakt for å ikkje bli lurt. Det er dyrt å leige aleine, så prøv å leig med nokon.
  • Transport: Fleire landsbyar og turområde er vanskeleg å komme til med buss så det er lurt å leiga bil nokre dagar med andre studentar. 7M Ren a Car er ein utlånar som kan anbefalast ettersom dei ikkje krev depositum. Bruk appen GiroBus eller Google Maps for reiser inne i Funchal og appen Rome2Rio for reiser mellom landsbyar.
  • Sosialt- Bli med i whatsapp-gruppene Eramsus + og Madeira Friends. Bli med på så mykje som mogleg.
  • Språk- Om ein kan litt portugisisk kan ein kommunisera betre med pasientane og ein vil få meir ut av praksisen. Eg brukte duolingo (NB det er brasiliansk-portugisisk) samt vegleiarane mine for å læra helserelaterte fraser på portugisisk. Det kan vera lurt å ta eit lite språkkurs før ein reiser.
  • Snakk med lokale og sjukepleiarar på praksisplassen din for å få tips og vita kor det er lurt å gå på tur, kva mat og restaurantar ein burde prøve samt arrangement på Madeira.

Madeira er ei øy ein aldri kjedar seg på med sommartemperaturar året rundt. Det er mange skogsturar, spektakulære fjelltoppar, strender og småbyar å utforske. Nokre turar som eg anbefala er Pico Do Arieiro- Pico Ruvio, Vereda do Larano, Fanal Forest og Ponta de São Lorenco.  Eg hadde ei fantastisk tid på Madeira med mykje god mat, hyggelige folk, vakker natur og interessant praksisforløp. Det var interessant å sjå forskjellar og likskapar mellom det norske og portugisiske helsevesenet.  Eg vil absolutt anbefale praksisopphald på Madeira til komande studentar!

 

Skog og røde broer. Foto

 

 

Publisert 16. feb. 2024 11:29 - Sist endret 11. sep. 2025 13:25