I det obligatoriske emnet Tverrsektorielt Samarbeid i skulen (TSS) får studentane på fjerde trinn i grunnskulelærarutdanningane for 1.–7. og 5.–10. trinn ei praktisk og leiken innføring i dei mange mogelegheitane som finns i Den kulturelle skulesekkens (DKS).
Møte med profesjonelle kunstnarar
- I TSS møter studentane profesjonelle kunstnarar, deltar i framsyningar og workshops, og reflekterar over korleis kreative metodar kan skape ei annleis og leiken læringsoppleving, fortel Kristine Høeg Karlsen og Gunhild Brænne Bjørnstad. Kristine og Gunhild er ansvarleg for undervisningstilbodet knytt til Den Kulturelle Skulesekken ved Fakultet for lærarutdanningar og språk ved Høgskulen i Østfold.
Undervisninga er eit resultat av eit langvarig og tett samarbeid med DKS Østfold, der Johannes Fredrik Hafnor, Monica Leander og Jose Leguina har avgjerande roller. DKS Østfold og Kulturtanken har óg vore samarbeidspartnarar og viktig stakeholder i fleire forskingsprosjekt ilag med Høgskolen i Østfold, deriblant Kunstpedagogiske møter og pARTIciPED.
Ein leiken inngang til undervisning for framtida
Fleire av studentene som var med på aktivitetane med Den Kulturelle Skulesekken meiner kunst og kultur bør ha ein sentral plass i lærarutdanninga. Dei set stor pris på undervisninga i emnet Tverrsektorielt samarbeid i skulen, som gjev dei ei forståing av korleis dei kan legge til rette for meiningsfulle kunstopplevingar og sjå verdien av å bruke kreative metodar i klasserommet.
Dei ser korleis kunst kan fremme nysgjerrigheit, kritisk tenking og skaparglede hos elevane – kvaliteter som er avgjerande i ein framtidsretta skule.
– Vi må ha meir av dette! seier Einar Evensen, ein av studentene som deltok på aktivitetane i regi av Den Kulturelle Skulesekken.
Bård Even Olsen, ein annan lærarstudent, som i tillegg til lærarstudiane er med og driftar Akroparken i Fredrikstad, beskriv dagen som ein av dei beste dagane i studieåret:
– Eg kjenner eg blir inspirert i kva rolle eg kan ha som lærar. Denne dagen kjem eg til å hugse!
Læraren er nøkkelperson i kunstopplevinga
Kunst og kultur kan være kraftfulle verktøy i undervisninga, men læraren si rolle er avgjerande for at elevene skal få eit godt utbytte. Kunstnarane i teatertruppen Madam Pysj gjesta Høgskulen i Østfold denne dagen. Madam Pysj er ei av dei teatergruppene som turnerar mest i Den Kulturelle Skulesekken, og har spelt over 1 000 framsyningar for over 100 000 barn og unge over heile Noreg. Skodespelar Sindre Hansen, som var med på framsyninga, trekk fram betydninga av at læraren deltar aktivt og er til stades på framsyningar.
Ein lærar som viser genuin interesse for det som skjer, kan inspirere elevane til å vere meir åpne og mottakelege for kunstopplevinga.
Sindre Hansen, skodespelar i teatergruppa Madam Pysj
Det at læraren er til stades fungerer ikkje berre som ei støtte for elevane, men signaliserar óg at opplevinga har verdi. Når læreren deltar aktivt – ved å lytte, stille spørsmål eller engasjere seg i framsyninga – blir elevane si oppleving forsterka. Kunstnarane beskriv korleis denne tilnærminga skapar ei smitteeffekt.
– Barn og ungdom er utruleg raske til å plukke opp historier og kjensler. Dess mer læraren er med, dess betre blir opplevinga for elevane, legg Sindre til.
Eit nasjonalt førebilete
HiØ si satsing på emnet Tverrsektorielt samarbeid i skulen har blitt lagt merke til nasjonalt. Ståle Stenslie frå Kulturtanken beskriv programmet som ein modell for andre lærarutdanningar i Noreg.
Emnet Tverrsektorielt Samarbeid har fått nasjonal anerkjenning og blir brukt som modell for andre grunnskulelærarutdanningar.
Ståle Stenslie, Kulturtanken.
Ved å integrere kunst og kultur i grunnskulelærarutdanningane, gjev HiØ sine studentar ei verktøykasse som både inspirerar og førebur studentane på framtidige krav til skulen. Den Kulturelle Skulesekken viser korleis læring kan foregå utanfor klasserommet og gjennom kreative metodar – ei erfaring både studentane og deira framtidige elevar vil ha glede av.
Førebuing skapar betre opplevingar
For å kunne bruke kunst og kultur i undervisninga, treng lærarane basiskunnskap om ulike kunstformer og kulturelle uttrykk.
- Undervisningsopplegget i samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken i emnet Tverrsektorielt samarbeid i skulen gjev lærarstudentane høve til å møte kunstnarar, oppleve framsyningar og utvikle si eiga kunstfaglege kompetanse, fortel Gunhild Brænne Bjørnstad.
Forberedelse er en nøkkelfaktor:
– Dess betre forberedt lærarane er på å vere tilstades og lytte, dess betre er det for barna si oppleving, seier Kristine Høeg Karlsen.
Kombinasjonen av å vere tilstades og forberedt skaper eit miljø der elevane kan kjenne seg trygge til å utforske og uttrykke seg, enten gjennom eigne kreative prosessar eller ved å reflektere over det dei opplever. I tillegg styrker dette bandet mellom læraren og elevane, noko som er har ein verdi langt utover den enkelte aktiviteten.
Kunst og kultur til alle barn i Noreg
Den Kulturelle Sulesekken (DKS) er eit norsk nasjonalt program som har som mål å gje alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande skule tilgang til profesjonelle kunst- og kulturuttrykk. Programmet vart etablert i 2001 og er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Programmet vert administrert av Kulturtanken, som er ein statleg etat under Kulturdepartementet. Den Kulturelle Skulesekken dekker alle fylker og kommunar i Noreg. Dette betyr at alle norske elevar har tilgang til kulturtilbudet som ein integrert del av sin skulekvardag, uavhengig av kvar dei bur.
Emnet Tverrsektorielt samarbeid i skulen ved Fakultet for lærerutdanninger og språk, inkluderer i tillegg til DKS, eit omfattande samarbeid med Ungt Entreprenørskap. Denne delen av kurset blir leia av dosent og merittert underviser, Magne Skibsted Jensen.
- Gjennom samarbeidet med Ungt Entreprenørskap Østfold legg grunnskulelærarutdanningane ved HiØ til rette for ein relevant praksis som fremjar meistringskjensla hos studentane, uttrykker Magne Skibsted Jensen. - Entreprenørskap i skulen utviklar elevane si evne til å tenkje "utanfor boksen", slik at dei får høve til å oppleve motivasjon og inkludering og lærer kompetanse som er viktig for ein framtidig skule.
Magne Skibsted Jensen er saman med Kristine Høeg Karlsen, emneansvarlig for emnet Tverrsektorielt samarbeid i skulen.
Les meir: