Innovasjon i lærarutdanning - Look til Østfold!

Barnehagelærarutdanninga ved HiØ sette preg på den nasjonale Lærarutdanningskonferansen sist veke. Dei presentere innovative samarbeidsprosjekt i utdanninga, knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse og simulering som pedagogisk metode.

Alice Bislingen (t.v), Mette Jæger, Merete Ellen Lunde, Tone Ingvaldsen og Beate Lund fortel på Lærarutdanningskonferansen 2023 om simulering som pedagogisk metode i barnehagelærarutdanninga ved HiØ. Foto: Privat

Tema for den nasjonale Lærarutdanningskonferansen var i år Innovasjon i lærarutdanning. Konferansen satte fokus på korleis lærarutdanningane kan utviklast vidare for å møte framtidig behov for kompetanse, betre samhandlinga med praksisfeltet og bidra til utvikling i barnehage og skule.

Konferansen vart arrangert av UHR (Universitets- og høgskulerådet). Mange interessante foredrag og innleiarar klargjorde på ulike måtar kva begrepet innovasjon kan vere, og bli, i fremtidas lærarutdanningar. Innovasjon er noko anna enn forsking, utvikling og formidling, og begrepet vart diskutert i plenum, paneldebatt og i mindre grupper.

I front med innovasjon i lærarutdanning

Beate Lund, høgskulelektor i pedagogikk og prosjektleiar for utviklingsprosjektet Lærarutdanningsbarnehagar 2025 (LUB), var ein av fleire som peikte på at HiØ var godt representert blant innleiarane på konferansen. Av dei åtte innlegga som var valt ut av nærare 40 interesserte, kom to frå HiØ.  

"Vi er stolte av at Barnehagelærarutdanninga ved HIØ er so sterkt representert på konferansen og går i front når det gjeld innovasjon i lærarutdanning."

Beate Lund, høgskulelektor i pedagogikk og prosjektleiar for Lærarutdanningsbarnehagar 2025 (LUB)

Innovativ modell for samarbeid i praksis

Leonora O. Bergsjø og Sandra Sekkouri presenterte ein ny modell for samarbeid i praksis. Modellen har utgangspunkt i profesjonsfagleg digital kompetanse for barnehagelærarar - DigiBLU. I prosjektet DigiBLU er det mellom anna skapt ein ny, felles arena for barnehagelærarar, studentar og lærarar ved BLU, der dei kan diskutere dagsaktuelle problem. Deltakarane kan delta fysisk eller digitalt i diskusjon av ulike tema, og på den måten tilpasse og gjere det enklare for dei ulike aktørane å delta. I denne fasen av prosjektet er profesjonsfagleg digital kompetanse i barnehagane i fokus. Over tid vil tema endra seg i tråd med kva problemstillingar som vert opplevd som aktuelle i barnehagane. Les om innholdet i den første samlingen.

Den nye modellen for diskusjon og samarbeid er óg innført som ein ny møteplass for studentar, faglærare og praksislærare. Ulike tema knytt til utdanning, praksis og barnehagen vert diskutert på hybride arenaer. Bergsjø og Sekkouri inspirerte med innlegget deltakarane på konferansen til å gjere seg nye og innovative tankar om utdanning og praksiser både på campus og i barnehagar.

Sandra Sekkouri (t.v) og Leonora Onarheim Bergsjø fortel om korleis hybride arena vert nytta i barnehagelærarutdanninga ved HiØ. Foto: Privat

Simulering som pedagogisk metode

Lærerutdanningsbarnehagane ved HIØ, representert ved Tone Ingvaldsen, Mette Jæger, Alice Bislingen, Merete E Lunde og Beate Lund fortalte om sitt forskings- og utviklingsarbeid knytt til utforsking av simulering som pedagogisk metode i ein barnehagekontekst. Studentar, faglærarar og personalet i barnehagar utforsker nye måtar å kunne attskape og øve seg på tenkte situasjonar i barnehagen i trygge rammer. Metoden utfordrar, men skaper óg fellesskap for læring, handlingsval, refleksjon og meistring. I tilbakemeldingane er det fleire som beskriv simulering som «litt skummelt, men veldig lærerikt»

Look til Østfold

Vi beit oss merke i ein positiv kommentar fra salen etter begge innlegga; «Look to Østfold» når det gjeld innovasjon i utdanninga.


Les meir: 

Emneord: innovasjon, lærarutdanning, barnehagelærarutdanning, barnehage, profesjonsfagleg digital kompetanse, simulering Av Beate Lund, Leonora og Irene Felde Olaussen
Publisert 3. mai 2023 09:34 - Sist endret 1. aug. 2023 14:28