Studentane på masterstudiet i grunnskulelærarutdanning for 5.-10. trinn (GLU5-10) deltek på fleire profesjonsdagar i løpet av studiet. Desse dagane skal ivareta sentrale perspektiv i skulen. Sidan 2021 har faglærarane på første studieår i GLU5-10 tilrettelagt for ein profesjonsdag om folkehelse og livsmeistring, eit av tre tverrfaglege tema i Kunnskapsløftet 2020. I år bestemte vi oss for å gjere noko nytt. I fellesskap planla og gjennomførte lærarar frå åtte ulike fag profesjonsdagen om folkehelse og livsmeistring.
Førsteårsstudentane på GLU5-10 fekk i oppdrag å lage matrettar som dei skulle ta med seg til eit felles måltid på skulen. Formålet var å belyse folkehelse og livsmeistring ved å setje søkelys på måltidets betydning i skulen. Profesjonsdagen baud på eit variert utval mat, sosialt samvær og gode refleksjonar.
Jeg lærte om hvordan man kan integrere folkehelse og livsmestring på en faglig måte, og hvordan det kan gjøres.
Student på GLU5-10 om profesjonsdagen om folkehelse og livsmeistring
Studentane planla og førebudde ein matrett
Den første delen av profesjonsdagen brukte studentane til å planlegge og førebu den matretten dei skulle ha med seg på skulen. Sidan studentane er delt i basisgrupper, fekk kvar basisgruppe eit oppdrag som dei skulle løyse i fellesskap. Vi gir tre døme på oppdrag som studentane fekk:
- Oppdrag 1: «Mat og identitet». Til dømes: Lag ein rett som fortel noko om identitet og tilhøyring, anten personleg, kulturelt eller historisk. Kva val har de tatt for å formidle korleis mat kan vere ein del av identiteten? Diskuter korleis mattradisjonar, symbolikk og måltid kan skape fellesskap, bevare kultur og uttrykke identitet.
- Oppdrag 2: «Samisk matkultur og berekraft». Til dømes: Ein rett inspirert av tradisjonell samisk matkultur, basert på lokale og berekraftige råvarer. Kva val har de tatt for å ivareta berekraftige prinsipp frå samisk matkultur? Diskuter korleis samiske mattradisjonar reflekterer berekraftig ressursbruk, naturforvaltning og folkehelse.
- Oppdrag 3: «Mat og globalisering». Til dømes: Ein rett basert på mat som har reist langt. Korleis har handel og migrasjon endra våre matvanar og matkultur? Diskuter korleis historiske handelsruter, kolonialisme og internasjonale relasjonar har forma dagens matvanar, og kva slags konsekvensar det kan ha for samfunnet.
Basisgruppene kunne sjølv velje kor og korleis oppdraga skulle gjennomførast, men alle på gruppa skulle delta i planlegging og praktiske førebuingar. Basisgruppene skulle også førebu ei kort presentasjon av retten dei laga.
Gallerivandring og felles måltid
Den andre delen av dagen starta ved lunsjtid og gjekk føre seg i høgskolens lokale på Remmen. Vi faglærarar hadde klargjort eit undervisningsrom med bord pynta med dukar og blomar, og vi venta forventningsfullt i undervisningsrommet då studentane kom. Studentane bar inn matrettane dei hadde førebudd, mellom anna tomatsuppe, vaflar, børek med ost, linsesuppe, baklava og kanelboller. Etter ei velkomsthelsing frå lærarane gjennomførte vi ei gallerivandring der kvar basisgruppe presenterte retten dei hadde med seg for dei andre medstudentane. Deretter var det klart for det som var dagens høgdepunkt, sjølve måltidet.
Dilemmakort
Under måltidet fekk studentane utdelt dilemmakort som vi faglærarar hadde utarbeidd. Desse korta presenterte problemstillingar knytt til mat og måltid i ein skulekontekst. Nokre av dilemmakorta var direkte knytt til fag, nokre av korta var fagovergripande. Alle dilemmaa var profesjonsretta, her er nokre døme:
- Dilemmakort 1: Regjeringa vurderer å innføre gratis skulemåltid i grunnskulen. Nokre meiner det er viktig for folkehelsa, inkludering og læring om kosthald og helse, medan andre meiner pengane heller bør brukast på fleire lærarar i tillegg til at foreldra sjølv bør ta ansvar for barnas mat. Korleis vil du ta opp denne debatten med elevane i klasserommet?
- Dilemmakort 2: Du er lærar i ei klasse med elevar frå mange ulike kulturar. Nokre elevar har spesifikke matreglar knytt til religion eller livsstil (til dømes halal, vegetarianar), medan andre et «tradisjonell norsk mat». Korleis kan du som lærar sørge for at mat og måltid i skulen opplevast inkluderande for alle?
- Dilemmakort 3: Klassen brukar å invitere til ein litt utvida felleslunsj like før elevar går i ulike feriar - haustferie, påskeferie, osv. Då blir det gjerne dugnad ved at foreldre blir bedne om å sende med ting som ein agurk, ei flaske med jus, osv. Men klassekontaktane har fått tilbakemeldingar om at foreldre opplever det som ei belastning. Korleis kan dette løysast?
Dilemmakorta danna utgangspunkt for samtalane blant studentane under måltidet, og studentane diskuterte ivrig dei ulike dilemmaa.
Måltidet som sosial arena og læringsarena
Dagen munna ut i ei felles refleksjonsøkt med utgangspunkt i dilemmakorta. Studentane var einige i at eit måltid handlar om meir enn å bli mett. Måltidet er også eit sosialt samlingspunkt som er viktig for å skape trivsel og fellesskap. Når det gjeld måltid i skulen, har dei ei rekke sosiale funksjonar. Eit måltid gjev moglegheit for samvær, samspel og dialog. Gjennom måltidet kan ein bygge eit godt læringsmiljø og gode, inkluderande fellesskap. Trivsel, inkludering og fellesskap er relevante moment for det tverrfaglege temaet, og på den måten kan også måltidet vere ein inngang til arbeid med folkehelse og livsmeistring.
(Det var p)ositivt å finne mat sammen og lage det, deretter spise sammen. Det å finne løsninger sammen og samtale med medstudent var også positivt.
Student på GLU5-10 om profesjonsdagen om folkehelse og livsmeistring
Kan eit tilsvarande opplegg gjennomførast i grunnskulen?
Profesjonsdagen om folkehelse og livsmeistring vart ein annleis profesjonsdag, der det sosiale var i sentrum. Studentane var skjønt einige om at dei hadde lært arbeidsmåter dei sjølv kan ta med ut i praksisperiodar og seinare som lærarar i skulen. Dei fekk erfaring med både gallerivandring og bruk av dilemmakort som utgangspunkt for refleksjon og diskusjon.
Studentane hadde mykje positivt å seie om profesjonsdagen, både om temaet for profesjonsdagen, dilemmakorta, om å lage mat og ete og diskuterer ilag. Nokre av studentane uttrykte seg på følgjande måte:
- (Det var p)ositivt å finne mat sammen og lage det, deretter spise sammen. Det å finne løsninger sammen og samtale med medstudent var også positivt.
- (Det var g)øy å kunne lage mat som passer innenfor et tema, og snakke med hverandre og en annen gruppe om ulike dilemmaer.
- Det var veldig hyggelig, man ble litt kjent med medstudenter og fikk snakket med andre. Det var interessant og lærerikt å diskutere det som stod på de lappene.
Profesjonsdagen om folkehelse og livsmeistring sette eit fint punktum for profesjonsdagane som studentane har hatt gjennom det første studieåret på grunnskulelærarutdanninga. Lærarane som i fellesskap planla og gjennomførte profesjonsdagen var Andrew Thomas (KRLE), Hulda Kjeang Mørk (samfunnsfag), Espen Braaten (naturfag), Viktoria Börjesson Behre (engelsk), Anja Pietzuch (tysk), Solveig Toft og Marianne Andreassen (kunst og handverk), Monica Nordbakke og Natalia Bredrup (matematikk) og Camilla Häbler (norsk).
Les mer: