Forskningskonferanse om norsk som andrespråk 2022

Den niande forskningskonferansen om norsk som andrespråk blir arrangert av Høgskolen i Østfold i februar 2022. Hovudtemaet for konferansen er Fleirspråklegheit som ressurs for individ og samfunn. Konferansen inneheld plenumsforedrag, ordinære foredrag i sesjonar og dugnadsgrupper og posterpresentasjonar. 

Plenumsforedrag

På konferansen vil det bli halde tre plenarførelesingar. Desse føredragshaldarane er spesielt inviterte fleirspråkligheitsforskarar og det er sett av ein time til kvar av desse.

Program

Anne Hvenekildes hederspris

Vinnerne av Anne Hvenekildes hederspris er Fatima Reda (UiO), Bente Hovind (UiO) og Ragni Vik Johnsen (UiT). En mer detaljert omtale av vinnerne og arbeidet deres, kan dere lese her. Vi håper å se mer arbeid fra dem i framtida!

Deltakerliste

Last ned PDF med deltakere her.

Sesjonar

Dei ordinære føredraga er organisert i parallelle sesjonar, og det er sett av 30 minutt til kvart føredrag: 20 minutt til sjølve føredraget, 5 minutt til spørsmål og 5 minutt til veksling.

Dugnadsgrupper

Dugnadsgruppene har innlegg organisert på same måte som sesjonane, men her er alle føredraga knytt til eit bestemt tema. Dugnadsgruppene er opne for alle på same måte som sesjonane. Konferansen har fire ulike dugnadsgrupper:

  1. Polskspråklege i Norge i eit fleirdimensjonalt perspektiv
  2. Fleirspråklegheit, fleirspråklege praksisar og andrespråkslæring på barnehagefeltet
  3. Læring av språk - og krav til språk - blant innvandrarar med låg utdanning frå heimlandet
  4. Norsk i sjukepleie eller sjukepleienorsk?

Les om dugnadsgruppene her.

Posterpresentasjonar

Posterpresentasjonar er ein type føredrag, som, i denne konferansens digitale format, vil bestå av ein førehåndsinnspelt video, der føredragshaldaren presenterer prosjektet sitt. Det blir også opna eit zoom-rom der posterpresentatørane kan ta imot spørsmål og tilbakemeldingar. 

Målgruppe

Konferansen er open for alle; og det er viktig å understreke at vi kallar dette ein forskingskonferanse og ikkje ein forskarkonferanse. Målgruppe for konferansen er lærarar på alle nivå i utdanningsløpet, språkforskarar (norsk, andrespråk, framandspråk, engelsk…) og andre som er engasjert i fleirspråklegheit, språklæring, språkbruk ol.

Konferanseavgift

Det er inga konferanseavgift, men ein må melde seg på for å få tilgang til den digitale konferansen (lenker, foredrag, dugnadsgruppe etc.).

Påmelding

For å få tilgang til den digitale konferansen, må man være påmeldt. Frist for påmelding til konferansen var 17. januar 2022

 

NORAN-skolen

Vi planlegg også å arrangere NORAN-skolen, eit kollokvium der vi samtaler om eit særleg aktuelt emne innafor andrespråksfeltet med utgangspunkt i nyare relevant faglitteratur vi har vald ut. Vanlegvis blir NORAN-skolen arrangert i forleninga av noa-konferansen. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette.

Organisasjonskomité for konferansen

Ragnar Arntzen, Marcus Axelsson, Jessica Pedersen Belisle Hansen, Arnstein Hjelde, Alexander Kristoffer Lykke, Christina Berg Tveitan

Har du spørsmål til konferansen, er det bare å kontakte ein av oss i komiteen.

Emneord: NOA, norsk som andrespråk, norsk som andrespråkskonferanse, NOA 9
Publisert 2. juli 2021 11:55 - Sist endret 13. sep. 2022 10:46