English version of this page

DeveLeP – Development Learning and Psychological Processes

DeveLeP er ei interdisiplinær forskargruppe med eit breitt fokus på emne knytt til nevroutviklingsforstyrringar, læring og psykologiske prosessar. Forskinggruppa blir leidd av professor Anders Nordahl-Hansen saman med professor Anders Dechsling, som er tilsette ved spesialpedagogikk-seksjonen på Høgskolen i Østfold. Spesialpedagogikk utgjer ein sentral del av forskingsprofilen til gruppa, men gruppa si samansetjing, der alle fakulteta ved høgskolen er representerte, har ei rekke prosjekt som rettar seg mot fagfelt som psykologi, psykiatri, e-helseforsking, vernepleie og Human Computer Interaction.

Develep Development learning and psychological processes

Gjennom forsking og formidling, har vi som mål å forbetre og vidareutvikle kunnskap relatert til desse emna og samstundes famne om opne forskingsprinsipp (open science).

 
Anders Nordahl-Hansen
Anders Nordahl-Hansen (Leader)
 
Anders Dechsling
Anders Dechsling (Co-leader)
 
 
Elia Gabarron
Elia Gabarron
 
Georgios Marentakis
Georgios Marentakis
 
Ingjerd Skafle
Ingjerd Skafle
 
 
 
Tamara Kalandadze
Tamara Kalandadze 
  
Andrea Jackowski
Andrea P. Jackowski 
 
Marthe Bilet-Mossige
Marthe Bilet-Mossige
Kristine Charlotte Grinderud
Kristine Charlotte Grinderud
 
Rolf Wynn
Rolf Wynn

 

Kjell Erik Johnsen
Kjell Erik Johnsen (Specialist librarian)
 

Forskingsområde

Nevroutviklingsforstyrringar - Autismespekterforstyrringar - Attention-deficit/hyperactivity disorder (ADHD) - Språk -

Utvikling hos barn - Spesialpedagogikk og læring - Psykologi og psykologiske behandlinger - Meta-forskning -

Menneskeleg teknologi og samfunnsinteraksjon - vitskapsfilosofi - eksperoppfatninger og -vurderingar - E-helse -

Sosiale medier - Utvikling og dugleikar innen matematikk - Skulevegring - Cyber tryggleik - telehelse - tidleg intervensjon

Her finn du oversikt over og dei nyaste publikasjonane frå medlemene i forskingsgruppa (lenkje til forskingsgruppa si Google Scholar-profil).

Samarbeidspartnarar

Tilhøvet til høgskulens strategiske forskingsinitiativ «Det digitale samfunn»

Forskarane i DeveLeP-gruppa samarbeider med det strategiske forskingsinitiativet, Det digitale samfunn og Høgskolen i Østfold på fleire område. Ei anna side ved forskinga handlar om å undersøke nye former for intervensjonsteknologi for personar med psykiatriske tilstandar og personar med spesialpedagogiske behov. Dette kan til dømes omfatte internettbasert terapi for personar med depresjon og VR-intervensjonar for autistiske personar.

Deltakere

Emneord: Spesialpedagogikk, Det digitale samfunn, Autisme, Utviklingsforstyrrelser, Psykologi, ADHD, DLD
Publisert 25. sep. 2020 10:59 - Sist endret 18. sep. 2026 09:46