English version of this page

Fagmiljøet i pedagogikk i grunnskolelærerutdanningene (ped GLU)

Fagmiljøet i pedagogikk ved grunnskulelærarutdanningane ved Høgskulen i Østfold underviser i og forskar på korleis læring, danning og profesjonsutvikling skjer i eit samfunn i endring. Vi arbeider for å utdanne reflekterte, forskingsbaserte og profesjonelt trygge lærarar, som kan bidra til ein inkluderande og framtidsretta skule.

Fagmiljøets kontaktperson

Fagmiljøkoordinator Reidun Hoff-Jenssen, e-post: reidun.hoff-jenssen@hiof.no. 

Fagmiljøet bidreg gjerne i samarbeid, prosjekt og formidling innan:

Fagspesifikke kjerneområde

Fagmiljøet i pedagogikk ved grunnskulelærarutdanningane har undervisings- og forskingskompetanse som spenner breitt innan pedagogikk og didaktikk. Vi arbeider med læring, danning og profesjonsutvikling i eit mangfaldig samfunn. Meir spesifikt kan miljøet bidra med samarbeid, prosjekt og formidling innan følgjande temaområde:

  • Leiing og læring – Klasseleiing, didaktisk planlegging og fleksibel undervisning som fremjar læring og trivsel.
  • Lærarprofesjonalitet – Profesjonsutvikling, etikk og refleksjon over lærarrolla i møte med komplekse skulestemningar.
  • Elevmangfald og inkludering – Kunnskap om fleirspråklegheit, kulturelt mangfald og tilpassa opplæring for ulike elevgrupper.
  • Flerkulturell pedagogikk – Kultur, identitet og maktperspektiv i undervisning – med fokus på inkludering og sosial rettferd.
  • Spesialpedagogikk – Kartlegging, støtte og inkluderande praksisar for elevar med særskilde behov.
  • Skulen i eit pluralistisk samfunn – Demokrati, medborgarskap og skulen si rolle som arena for dialog og deltaking.
  • Pedagogisk teori – Klassiske og nyare teoriar og metodar som formar framtidas undervisning og læringsmiljø.
  • Vitskapsteori og metode – Kvalitative og kvantitative tilnærmingar, forskingsdesign og forskingsbasert lærarutdanning.

Fagleg profil og spesialisering

Fagmiljøet engasjerer seg i forsknings- og utviklingsprosjekt innan lærarprofesjon, profesjonsutdanning og skuleutvikling. Vi deltek i nasjonale og internasjonale nettverk og samarbeider tett med praksisskular i regionen. Målet er å styrkje samanhengen mellom teori, forsking og praksis – til nytte for både studentar, elevar, lærarar og skular. 

Vi deltek i følgjande satsingsområde og prosjekt: Det digitale samfunn, Change, Knowledge Integration in Teacher Education through Technology Enhanced Simulation (KITES). 

Miljøet deltek i forskningsgruppene Profesjonskunnskap og kvalifisering, Research in Digital Education (RIDE), Humaniora og praksis, Development Learning and Psychological Processes (DeveLeP), Veiledning i utdanning og profesjon, Profesjonskunnskap om vold, overgrep og sosiale og emosjonelle vansker.

Miljøet er og ein del av nettverka Studies of the teaching profession, teacher education and education policy (TEPEE), European Network for Improving Research and Development in Educational Leadership and Management (ENIRDELM), Culture and multilingualism med Moi University i Kenya, Integration Network ved Örebro University, Nasjonalt nettverk for profesjonsfaglig veiledning for nyutdannede lærere, Association for Teacher Education in Europe (ATEE). 

Vidare engasjerer miljøet seg i Tilskuddsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring (DEKOMP, Kompetanseløftet)

Personar i fagmiljøet

Emneord: Ledelse og læring, lærerprofesjonalitet, elevmangfold, inkludering, flerkulturell pedagogikk, spesialpedagogikk, skolen i et pluralistisk samfunn, pedagogisk teori, vitenskapsteori og metode
Publisert 9. nov. 2025 14:10 - Sist endret 18. sep. 2026 09:46